Hjem
Aktuelt
Forunderleg forsking

Kva er eigentleg spytt?

Alle har det, men ein tenkjer sjeldan over at det er der. Kva er eigentleg spytt? Og kva skal vi med det seige slimet i munnen?

Illustrasjon av munnhule
Spytt er heilt naudsynt for at munnen skal fungera. Det både fuktar og reinsar munnen, og vaskar vekk matrestar.
Foto/ill.:
Illustrasjon: Tini Malitius

Hovedinnhold

Spytt, eller saliva som det heiter på fagspråk, er noko alle har og alle treng. Meir enn 99 prosent av spyttet er vatn, resten er protein, elektrolyttar og ensym. I tillegg er det celler, bakteriar og matrestar i spyttet. Og saliva er heilt naudsynt for at kroppen og munnen vår skal fungera, seier Ileana Mihaela Cuida Marthinussen, førsteamanuensis ved Institutt for klinisk odontologi ved Universitetet i Bergen.

Korleis vert spyttet produsert?

– Det er ein komplisert prosess. Enklare sagt vert spyttet laga i spyttkjertlar, det er tre store og mange små kjertlar i heile munnen. Spytt frå forskjellige kjertlar har ein litt ulik samansetning og speler forskjellige rollar.

Kva rollar speler spyttet, då? Kva er det godt for?

– Det er heilt naudsynt med spytt for at munnen skal fungera. For det første både fuktar og reinsar det munnen, matrestar vert vaska vekk. Maten vert gjort fuktig, slik at vi kan svelgja han. Utan spytt kan du gløyma å eta knekkebrød. Utan spytt hadde det vore vanskeleg å snakka. Det hjelper oss å smaka maten. Menneske med sjukdommar som gir dei tørr munn mister ofte mykje av smakssansen. Og spyttet beskyttar munnen, om ein er tørr i munnen får ein lettare sår. Stoff som ikkje er bra for oss vert uskadeleggjorde, spyttet hindrar vekst av sopp og bakteriar i munnen.

Betyr spyttet noko for tennene våre?

– Ja, tennene vert haldt reine og friske av spyttet. Bakteriane i plakk produserer syre ved hjelp av sukker frå maten vi et. Syre bryt ned tennene, og spytt nøytraliserer denne syra. Protein i spyttet gjer at tennene ikkje vert slitne ned, fordi det lagar ei hinne på dei som tek vare på emaljen. Dei med mindre spytt har ofte meir karies.

Kor mykje spytt produserer ein i løpet av ein dag?

– Det varierer litt, men det er mellom 600 milliliter til 1,5 liter spytt per dag. Det varierer i løpet av døgnet, vi produserer til dømes lite spytt om natta, når vi søv. Produksjonen er på sitt største når vi et, for å kunna svelgja maten. Et du tyggegummi produserer du også meir spytt enn vanleg.

Kvifor vert ein tørr i munnen?

– Mange medikament kan gjera ein tørr i munnen, til dømes antidepressiva, antihistamin eller hjartemedisin. Strålebehandling i øyre-, nase og halsområdet kan også gi tørr munn. Det finst sjukdommar som gjer at ein produserer for lite spytt, til dømes diabetes. Sjøgrens syndrom er ein kronisk betennelse som rammar kjertlane i kroppen, særleg spytt- og tårekjertlane. Det fører til tørre augo og slimhinner, og sjølvsagt munnen.

Uff. Kan ein kurera det?

– Ein kan i alle fall lindra det når menneske er så tørre i munnen. Ein kan stimulera spyttkjertlane til å produsera meir og tygga mykje. Når det gjeld sjukdommar som Sjøgrens syndrom må pasientane få spytterstatningsmidlar. Slike pasientar må gå ofte til tannlege og vera ekstra opptekne av god munnhygiene. Det fortel litt om kor viktig spytt er.

Kvifor vert eg tørr i munnen når eg er nervøs?

– Det er ein heilt vanleg fysisk reaksjon når ein er redd, men det går fort over. Litt på sidelinja kan eg nemna at ein i det gamle Kina brukte ris og spytt som ein slags løgndetektor. Dei gav tørr ris til dei mistenkte, og om det sat ris att på tunga når dei spytta ut vart dei rekna som skuldige. Mange som vart utsette for den testen var nok ganske nervøse og tørre i munnen, vil eg tru.