Hjem
Institutt for sosialantropologi
Masteroppgave

Unge middelklassekvinner i det offentlige rom. Ein antropologisk studie frå Jaipur, India

Hovedinnhold

Masteroppgåve levert ved Institutt for sosialantropologi, hausten 2015.

Av: Marianne Fuglestrand
Veileder: Professor Anne Karen Bjelland

Denne masteravhandlinga er ein antropologisk studie av unge middelklassekvinners erfaringar i det offentlege rom i byen Jaipur, India. Korleis offentlege rom oppfattas, og korleis dei unge kvinnene navigerer seg gjennom det offentlege rom er sentrale perspektiv i avhandlinga. I lys av økonomisk liberalisering på 1990-talet i India, har spesielt middelklassekvinner tatt større del på ulike offentlege arenaer gjennom utdanning og arbeid. I avhandlinga beskriver eg at mine kvinnelege informantar kan seiast å vere del av dette.

Denne avhandlinga handlar om korleis forståinga av kjønn og kjønnsrelasjonar i India påverka middelklassekvinners ferdsel og mobilitet i offentlege rom. Dei siste åra har det vert eit auka fokus på vald mot kvinner i offentlege rom i India. Gjengvaldtekta av den kvinnelege studenten Nirbhaya i Delhi i 2012, satte temaet i eit offentleg og politisk søkelys i India, og hendinga fekk også stor internasjonal merksemd. I avhandlinga utforskar eg derfor ulike sider ved kva som er med på å forme valdsdiskursen mot indiske kvinner i dag. Eg argumentera for at Nirbhaya-hendinga har lagt store føringar på korleis fare, risiko og sikkerheit blir oppfatta og erfart blant mine kvinnelege informantar. Samtidig er det også eigne personlege erfaringar som påverka val, og måten ein bevegar seg på i det offentlege rom i Jaipur.
Avhandlinga ser på korleis klassedimensjonen spelar inn på erfaringar, og måten ein kategorisera framande i byrommet. Empiriske døme viser at mine informantar handlar utifrå prinsipp om tryggleik, og at val dei tar angåande offentleg transport til dømes, variera på bakgrunn av ulike økonomiske og sosiale føresetnadar. Denne avhandlinga argumenterer for at menn og kvinner stiller seg ulikt til offentlege rom, på bakgrunn av at offentlege rom er kjønna like fullt som sosiale roller er kjønna.