Frå frukta til frøet! Antropologiske/prosessfilosofiske perspektiv på ny- og fellesskaping i småsamfunn
Hovedinnhold
Kva er nyskaping? Kva er det å skapa? I dette innlegget vil Dag Jørund Lønning drøfta nyskaping som fenomen og drivkraft for bygde- og lokalutvikling. ”Produktutvikling” har blitt ein dominerande metafor for kva lokal utvikling dreier seg om i vår tid. Lønning vil ta eit kraftig oppgjer med denne metaforen, og byggja opp ei alternativ forståing av lokal endring og nyskaping tufta på kollektiv inkludering, alternative og til dels konkurrerande blikk/perspektiv, og – viktigast – den menneskelege frie leiken med det naturlege, sosiale og kulturelle ressursgrunnlaget.
Viktige teoretiske føringar for innlegget er henta frå mellom andre Heraklit, Nietzsche og Pirsig sine prosessuelle forståingar av verda som endring, og det empiriske grunnlaget er meir enn 10 års arbeid med forskings og utviklingsarbeid innanfor småsamfunn i Noreg, Europa og i fleire land i sør.
Dag Jørund Lønning er sosialantropolog frå UiB (1994), og dr. philos frå Universitetet for Miljø og Biovitskap, 2007. Avhandlinga drøftar nyskaping og ”det nye” som sosiale, kulturelle og økonomiske tema i norske bygdesamfunn . Lønning har vore forskar ved CMI, stiftar av og fagleg leiar for Senter for natur- og kulturbasert nyskaping ved Telemarksforsking-Bø, og direktør ved Norsk senter for bygdeforskning. Han er no seniorforskar ved Nordlandsforskning, og arbeider utifrå heimekontor ved småbruk i Skaun.
Alle interesserte er velkommen!
Note: the seminar will be given in Norwegian