Hjem
Studentsider
PhD-kurs

Metoder for studier av biomarkørar ved kreft

Hovedinnhold

Kursomtale

Undervisingsspråk

Engelsk.

Kursinnhald

Målet med kurset er å gi deltakarane teoretisk og praktisk kunnskap om molekylære biomarkørar ved kreft og korleis disse kan studerast i pasient-prøver og i eksperimentelle modellar. Kurset vil fokusere på ulike metodar for påvising av molekylære endringar i vevsprøver, blodprøver, urinprøver og anna biologisk materiale, som immunhistokjemi, in situ hybridisering, PCR-teknikker og sekvensering, Western blot og ELISA, mikromatriseteknikkar, proteomikk, sirkulerande tumorceller og DNA, flowcytometri, bioinformatikk og biobankar. Endringar i nukleinsyrer og protein vil bli omtalt.

Læringsutbyte

Etter å ha fullført kurs, skal kandidatane ha:

 Kunnskap om

  • Vurdering av føremålet og nytta av elementære metodar innafor biomarkør forsking på vevsprøver, som immunhistokjemi protokoller og in situ hybridisering
  • God innsikt i:
    • PCR teknikkar og sekvenserings- strategiar
    • Western blot og ELISA teknikkar
    • Mikromatrise analysar
    • Proteomikk
    • Sirkulerande og disseminerte kreftceller
    • Flowcytometri
    • Analyse av sirkulerande DNA
    • Bioinformatikk strategiar
    • Biobankar
    • Image Mass Cytometry

Ferdigheter

  • Kunne formulere problemstillingar for og planlegge og gjennomføre forsking på biomarkørar ved kreft.
  • Kunne vurdere nytta og bruk av ulike metoder for å studere biomarkørar ved kreft.
  • Kunne formidle relevant litteratur og metodar som omhandlar biomarkørar ved kreft.

Generell kompetanse

Kunne vurdere korleis kunnskap om biomarkørar kan føre til økt kunnskap om tumorbiologiske mekanismar, betre og meir presis diagnose og til målretta behandling og oppfølging av kreftpasientar.

Undervisningsperiode

Kursdatoer hausten 2022:

27.09., 28.09. og 29.09.

Studiepoeng

5 studiepoeng (125 -150t studentarbeid).

Formelle krav

Påmelding og -fristar

Påmelding i Studentweb for interne studentar.

Frist: 01.09.2022.

Krav til forkunnskapar

Krav om fullført utdanning på mastergradsnivå eller opptak på Forskarlina.

Tilrådde forkunnskapar

Medisinsk eller helsefagleg bakgrunn, eller ph.d.-prosjekt med medisinsk/helsefagleg innhald.

Inngår i opplæringsdel

Anbefalast som del av opplæringsdelen for ph.d.-kandidatar knytt til Forskerskolen til CCBIO.

Vurderingsform

For å stå i emnet, må kandidaten:

  • Delta under 90% av kurset.
  • Førebu seg til og delta aktivt i grupperbeid.
  • Gje ein munnleg presentasjon på 10-15 minuttar til dei andre kursdeltakarane om ein tildelt vitskapleg artikkel.
  • Bestå ein 3 timar multiple choice kursprøve. Kursprøven vert bedømt av kursansvarleg.

Følgjene karakterskala blir nytta:

bestått / ikkje bestått.

Fagleg overlapp

Overlapper med BMED320 med reduksjon på 3 studiepoeng.

Kven kan delta

Emnet rettar seg i hovudsak mot ph.d.-kandidatar knytt til Centre for Cancer Biomarkers (CCBIO), men er også ope for andre studentar, forskerlinjestudentar og ph.d.-kandidatar.

Utfyllande informasjon

Kontaktinformasjon

Kurskoordinator
Ingeborg Winge
ingeborg.winge@uib.no


Emneansvarlig

Lars A. Akslen og Agnete Engelsen

Administrasjonen
Kjetil Utvik Harkestad
kjetil.harkestad@uib.no

Innleiarar

TBA.

Kjernelitteratur

Biomarkers of the tumor microenvironment: basic studies and practical applications by LA Akslen, RS Watnick (2022) 612 sider.

Cancer Biomarkers: Minimal and Noninvasive Early Diagnosis and Prognosis by Debmalya Barh, Angelo Carpi, Mukesh Verma and Mehmet Gunduz (2014) 973 sider.

Cancer Biomarkers by Alexandros G Georgakilas (2012) - 382 sider.

(Totalt 1967 sider).

Undervisningsstad

Hausten 2022 vil kurset kun verte halde digitalt.

Kontakt

Eksamensinformasjon

Undervisningsperiode

Kursdatoer hausten 2022:

27.09., 28.09. og 29.09.