Sinnsfilosofi
- Studiepoeng10
- UndervisingssemesterVår
- EmnekodeFIL235
- Talet på semester1
- SpråkNorsk eller engelsk
- Ressursar
Hovedinnhold
Studiepoeng, omfang
10
Studienivå (studiesyklus)
Bachelor
Fulltid/deltid
-
Undervisningssemester
Vår
Undervisningsstad
Bergen
Mål og innhald
Emnet skal gje studentane ei innføring i moderne sinnsfilosofi. Sinnsfilosofien er oppteken av tilhøvet mellom dei mentale eller psykologiske aspekta ved ein person og personen sine kroppslege eigenskapar. Temaet har ei historie som går tilbake til klassisk gresk filosofi, men i ein moderne kontekst representerer særleg Descartes sin dualisme den klassiske utfordringa som ulike sinnsfilosofiske retningar har prøvd å overvinna. Emnet har til føremål å presentere dei viktigaste moderne alternativa til denne dualismen,der spørsmål om kva medvit er og korleis medvit kan forklarast innanføre eit naturvitskapeleg rammeverk er sentrale.
Læringsutbyte
Kunnskap: Etter fullført emne skal studenten ha
- oversyn over dei viktigaste hovudretningane innanfor sinnsfilosofien i det 20. hundreåret, slik som behaviorismen, den psykofysiske identitetsteorien, funksjonalismen, eigenskapsdualismen og den eliminative materialismen.
- innsikt i problemstillingar som er felles utfordringar for desse retningane, slik som spørsmålet om kva intensjonalitet er, spørsmålet om korleis opplevingsmedvit forheldt seg til ein person sine materielle eigenskapar og prosessar, samt korleis vi kan forstå mental kausalitet.
- innsikt i diskusjonar om korvidt og korleis medvit kan forklarast innanføre eit naturvitskapeleg rammeverk.
- innsikt i problem som berører sinnsfilosofi, som spørsmål om moglegheita av kunstig intelligens, korvidt vi har fri vilje, kva personleg identitet er og ulike syn på sjølvet.
Dugleik: Etter fullført emne skal studenten kunne
- skilje mellom sterke og svake sider ved dei ulike hovudposisjonane i sinnsfilosofien i det 20. hundreåret.
- formidle kunnskap om desse posisjonane i faglege så vel som meir allmenne samanhengar.
- forstå at løysingar på problem i sinnsfilosofien krev noko meir enn empiriske kunnskapar, samstundes som ein skjøner at nyvinningar i psykologi og nevrofysiologi kan skipe grunnlag for ein vekselbruk mellom filosofisk omgrepsanalyse og empirisk forsking.
Kompetanse: Etter fullført emne skal studenten ha kompetanse til
- vidare studiar i kognitiv vitskap.
- å følgje med i den samtidsfilosofiske debatten om problema i sinnsfilosofi på eit nivå av moderat vanskegrad.
- å sjølv kunne vidareformidle innsikt i problema for personar uten særlege bakgrunnskunnskapar i emnet.
Krav til forkunnskapar
Ingen.
Tilrådde forkunnskapar
Bestått ex.phil. og ex.fac og minst eitt års studium fra høgskule eller universitet. Gode engelskkunnskapar er naudsynte, sidan ein må rekne med at mykje av pensum er på engelsk.
Studiepoengsreduksjon
FIL235 overlappar med FIL335 (Forskingsemne i sinnsfilosofi ) og FIL226 (Innføring i sinnsfilosofi - 15 studiepoeng).
Krav til studierett
Emnet er ope for studentar med studierett ved Universitetet i Bergen.
Arbeids- og undervisningsformer
Undervisninga har form av førelesingar.
Rettleiing av oppgåve: rettleiing er eit frivillig tilbod og kan førekomme individuelt eller i grupper.
Om det melder seg færre enn fire studentar kan talet på samlingar bli redusert. Den einskilde student vil i staden bli tilbode individuell rettleiing eller grupperettleiing.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
None
Vurderingsformer
Emnet har mappevurdering. Studentane skal levere skriftleg svar på to oppgåver. Fristar blir sette av instituttet. Den første oppgava er om eit tema valgt frå ei liste levert av kurslærer, og skal vere på 1500-2000 ord (ikkje medrekna innhaldsliste, litteraturliste etc). Den andre oppgåva skal vere 2500-3000 (ikkje medrekna innhaldsliste, litteraturliste etc). Tema er sjølvvald, men må vere godkjend av faglærar på førehand. Mappa vert vurdert heilheitleg, men i vektinga av endeleg karakter tel den første oppgåva 30% og den andre oppgåva 70%
Vurdering i eit semester utan undervisning følger pensumet førre semester emnet hadde undervisning.
Hjelpemiddel til eksamen
Ikkje aktuelt.
Karakterskala
Det vert nytta gradert karakterskala frå A til F, der F er stryk.
Vurderingssemester
Vår/haust
Eksamen blir arrangert kvart semester.
Litteraturliste
Pensum er basert på ei introduksjonsbok i sinnsfilosofi på engelsk, samt eit utval med artiklar på engelsk henta frå nyare sinnsfilosofi.
Litteraturlista vert tilgjengeleg på uib.no 1. juni for haustsemesteret og 1. januar for vårsemesteret.
Emneevaluering
Emneevalueringar vert gjennomførte i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.
Programansvarleg
Undervisningsutvalget for fagstudiet i filosofi.
Emneansvarleg
Undervisningsutvalget for fagstudiet i filosofi.
Administrativt ansvarleg
Institutt for filosofi og førstesemesterstudium.
Kontakt
Studierettleiar: studierettleiar@fof.uib.no
Eksamensadministrasjon: eksamen@fof.uib.no
Eksamensinformasjon
Vurderingsordning: Mappevurdering
- Trekkfrist
- 17.02.2023
Eksamensdel: Mappeoppgåve 1
- Innleveringsfrist
- 10.03.2023, 13:00
- Eksamenssystem
- Inspera
- Digital eksamen
Eksamensdel: Mappeoppgåve 2
- Innleveringsfrist
- 20.04.2023, 13:00
- Eksamenssystem
- Inspera
- Digital eksamen