Hjem
Utdanning
Laveregradsemne

Terrestriske klima- og miljøendringar

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Vår

Mål og innhald

Emnet gjev studenten kjennskap til korleis ulike eksogene prosessar kan nyttast til å rekonstruere terrestriske klima- og miljøendringar i fortid og notid- med særleg vekt på norske forhold. Studentane vil gruppevis, og under rettleiing, gjennomføre eit feltbasert forskingsprosjekt knytt til klima- og miljøendringar i nærområdet kring Bergen.

Med basis i korleis samspelet mellom hav og atmosfære innverkar på dei ytre (eksogene) terrestriske prosessane på jordoverflata, og på talet og den geografiske utbreiinga til planter og dyr, vil emnet presentere ulike metodar for å rekonstruere klima- og miljøendringar i fortid og notid. Emnet vil og ta opp og drøfte moglege årsaker til desse endringane.

I samband med forskingsprosjektet vert studentane delt inn i mindre grupper som skal utarbeide forskingsdesign, samla inn relevante feltdata, og nytta litteraturstudiar til å setje innsamla data i ei større fagleg samanheng. Forskingsprosjektet skal avsluttast med ein skriftleg rapport som nyttar eit profesjonelt språk og fagtermar, og med høvelege analysar, illustrasjonar og referansar.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap

Studenten

  • kan forklare kva proksydata er, og korleis proksiar kan nyttast til å rekonstruere terrestriske klima- og miljøendringar.
  • kan forklare dei viktigaste ytre (eksogene) agensane med tilhøyrande prosessar som har verte påverka og påverkas av terrestriske klima- og miljøendringar i Norge.
  • har kunnskap om moglege årsaker til terrestriske klima- og miljøendringar.
  • har kunnskap om styrkar og svakheiter knytt til dei dateringsmetodane som vert mest nytta ved rekonstruksjon av terrestriske klima- og miljøendringar.
  • har kunnskap om det kronostratigrafiske rammeverket for det nordvestlege Europa.

Ferdigheiter

Studenten

  • kan vurdere bruken av ulike proksydata som vert nytta til rekonstruksjon av terrestriske klima- og miljøendringar.
  • kan kjenne att dei viktigaste agensane/prosessane som har verte påverka og påverkast av klima- og miljøendringar i Norge.
  • kan drøfte moglege årsaker til terrestriske klima- og miljøendringar.
  • kan utarbeide forskingsdesign til forskingsprosjekt og samle inn relevante feltdata til å rekonstruere terrestriske klima- og miljøendringar.
  • kan drøfte styrkar og svakheiter for dei vanlegaste dateringsmetodane nytta ved rekonstruksjon av terrestriske klima- og miljøendringar.
  • kan nytta det kronostratigrafiske rammeverket for det nordvestlege Europa.

Generell kompetanse

Studenten

  • kan utføre ei praktisk feltoppgåve i samsvar med retningsliner for høveleg framferd og sikkerheit ved Universitetet i Bergen.
  • kan skrive ein feltrapport enten åleine eller i ei lita gruppe gjennom å nytta eit profesjonelt språk og fagtermar, lage høvelege analysar, nytta gode illustrasjonar, og kunne visa til relevant litteratur.
  • kan formidla og skrive ein akademisk tekst knytt til aktuelle tema innan eige forskingsfelt og relatere dette til faglitteraturen.
  • kan utveksla ytringar med fagfellar, og kome med konstruktive kommentarar til arbeida deira.

Krav til forkunnskapar

GEO110/ GEO115, GEO111 og GEO112/ GEO113, eller tilsvarande bakgrunn.

Tilrådde forkunnskapar

GEO204, GEO215 og GEO217

Studiepoengsreduksjon

GEO211 (10 studiepoeng)

Krav til studierett

Ope for alle studentar ved UiB.

Arbeids- og undervisningsformer

2 forelesingar á 2 timer pr. veke

2 seminar á 2-4 timer

Totalt: 12-14 forelesingar/seminar.

3-6 dagar ekskursjon/feltarbeid

Obligatorisk undervisningsaktivitet

  • Deltaking på ekskursjon, feltarbeid og seminar
  • Feltrapport basert på feltarbeid og ekskursjon.
  • Deltaking med munnleg presentasjon på seminar.

Obligatoriske arbeidskrav er gyldige i fire semester etter godkjenninga.

Vurderingsformer

Skriftleg eksamen 5 timar.

Karakterskala

Karakterskala A-F

Fagleg overlapp

GEO211 - 10 studiepoeng

Vurderingssemester

Eksamen vert berre tilbydd i undervisningssemesteret. Ny eksamen påfølgande semester berre for studentar med rett til ny vurdering.

Emneevaluering

GEO212 vil bli evaluert minimum kvart tredje år

Kontakt

Kontaktinformasjon

Institutt for geografi

Studieveileder@geog.uib.no

Eksamensinformasjon

  • Klokkeslett for oppstart av skoleeksamen kan endre seg fra kl 09.00 til 15.00 eller vice versa inntil 14 dager før eksamen. Eksamenslokale publiseres 14 dager før eksamen. Kandidatene finner sin egen romplassering på Studentweb 3 dager før eksamen.

  • Vurderingsordning: Skuleeksamen (Ny eksamen)

    Trekkfrist
    19.09.2019
    Eksamenssystem
    Inspera
    Digital eksamen