Hjem
Studentsider
Masteremne

Kvantitative forskningsmetodar og -tradisjonar

  • Studiepoeng10
  • UndervisingssemesterVår
  • EmnekodeHELSAM305
  • Talet på semester1
  • SpråkNorsk
  • Ressursar

Hovedinnhold

Studiepoeng, omfang

10 studiepoeng

Studienivå (studiesyklus)

Master

Undervisningssemester

Vår

Mål og innhald

Mål:

Studentane skal gjennom emnet få inngåande kunnskap om ulike kvantitative forskingsmetodar brukt i helsefagleg forsking. Kunnskapen skal danne grunnlag for val av forskingsdesign og metode som er egna til forskingsspørsmålet i masteroppgåva. Emnet skal bidra til utvikling av ein analytisk haldning og sjølvstende i skriftleg arbeid med tanke på kunnskap om metodologi, metode og metodebruk.

Innhald:

Emnet dekkjer forskingsmetodiske tilnærmingar i epidemiologisk-, surveybaserte- og eksperimentell forsking og statistikk, og kva for studiedesign som er egna til å svare på ulike forskingsspørsmål. Studentane skal lære om kjenneteikn, styrker og svakheiter ved dei ulike studiedesigna og kva for assosiasjonsmål som vert brukt. I tillegg skal emnet gi kunnskap om grunnleggande omgrep som validitet og reliabilitet innan vitskaplege metodar og forholdet mellom kausale og statistiske assosiasjonar.

Studentane skal vidare lære om metodar for å skildre eit datasett gjennom tabellar, grafar og oppsummerande statistikk; normalfordeling og binomisk fordeling; utval og populasjon; hypotesetesting, p-verdi og konfidensinterval og statistisk styrke og utvalsstorleik.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap

Studenten har:

  • inngåande kunnskap om ulike kvantitative forskingsdesign og metodar, og kva for type kunnskap desse er eigna til å bringe fram 
  • inngåande kunnskap om ulike former for bias som begrensar studiars validitet, reliabilitet og generaliserbarheit

Ferdigheiter

Studenten kan:

  • utforme, grunngi og kritisk vurdere kvantitative forskingsdesign i høve til aktuelle problemstillingar
  • orientere seg om tidlegare forsking i eit problemfelt og utvikle forskbare problemstillingar med utgangspunkt i eksisterande forsking
  • utføre og tolke statistiske analyser
  • vise at ein forstår føresetnader for generalisering av resultat og prinsippet for ein statistisk test

Generell kompetanse

Studenten kan:

  • reflektere over metodebruk og metodologiske problemstillingar i skriftleg arbeid
  • sjølvstendig nytte sine kunnskapar om metodiske framgangsmåtar i planlegging og gjennomføring av kvantitative forskingsprosjekt
  • vise evne til kritisk refleksjon over eiga rolle og posisjon som forskar i kunnskapsproduksjonen

Krav til forkunnskapar

Tilrådde forkunnskapar

Ingen

Studiepoengsreduksjon

HELSAM305 overlapper med:

Krav til studierett

Studentar ved Masterprogram i helse og samfunn

Arbeids- og undervisningsformer

  • Førelesingar med studentførebuande og studentaktiviserande element
  • Seminar
  • Gruppearbeid
  • Sjølvstudium

Obligatorisk undervisningsaktivitet

  • Innlevering av skriftleg utkast til individuell oppgåve
  • Innlevering av gruppeoppgåver
  • Skriftleg tilbakemelding til medstudent(er)
  • Deltaking på seminar
  • Munnlege presentasjonar av individuell oppgåve

Det forventast at alle studentar møter opp og deltar aktivt i undervisninga. Kvar student har ansvar for eigen læring og for å bidra til gruppas læringsmiljø.

Vurderingsformer

  • Skriftleg individuell oppgåve (60%)
  • Fleirvalsoppgåver i statistikk (40%)

Karakterskala

Karakterskala A til F, der A er beste karakter og F er stryk.

Vurderingssemester

Vår

Litteraturliste

Litteraturlista vil vere klar innan 01.06. for haustsemesteret og 01.01. for vårsemesteret.

Emneevaluering

Emnet evaluerast etter gjeldande retningslinjer for studiekvalitet. Alle emneevalueringer blir lasta opp i studiekvalitetsdatabasen.

Programansvarleg

Programutvalet for helsefag er ansvarleg for masterprogrammet i helse og samfunn

Administrativt ansvarleg

Studieseksjonen ved Institutt for global helse og samfunnsmedisin.

Kontakt

Studierettleiar kan kontaktast her:

studie@igs.uib.no