Hjem
Studentsider
Laveregradsemne

Datajournalistikk

  • Studiepoeng15
  • UndervisingssemesterHaust
  • EmnekodeJOU204
  • Talet på semester1
  • SpråkNorsk/Svensk  
  • Ressursar

Studiepoeng, omfang

15 studiepoeng

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor, 200-nivå.

Undervisningssemester

Haust

Undervisningsstad

Media City Bergen

Mål og innhald

Emnet har som mål å gi ei grunnleggande forståing av data som journalistisk verktøy, både i metode og i formidling. Det vil møte den stadig større etterspurnaden etter "digitale hovud" i dei redaksjonelle miljøa.

Kurset er delt i tre modular:

I modul 1 blir studentane introdusert for ulike perspektiv på datajournalistikk: om fundamentale sider ved innhenting, analyse og presentasjon av store datasett med informasjonsteknologi i journalistikken. Eit viktig fokus blir tilgangen på digitalisert informasjon, til dømes gjennom opne kjelder.

Eit stikkord for modul 2 er digital graving. Her arbeider studentane med enkel koding og enkle inngangar til det å innhente data og byggje opp databasar. Også andre former for systematisering og bearbeiding av store mengder data kan bli vektlagt, med hovudfokus på å finne samanehgnar og journalistikk i store mengder data.

Modul 3 sitt fokus er på presentasjon av datajournalistikk, gjennom digitale historieforteljingar, datavisualisering og anadre former for journalistisk presentasjon ved hjelp av digitale og datateknologiske verktøy. Det vesentlege er kunnskap om å utvikle presentasjonsformat som gir publikum mykje informasjon på kort tid når dei har trong for den.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsbytte:

Kunnskapar:

Studenten

  • kan grunnleggande forstå ulike datajournalistiske tilnærmingar, både i metode og formidling.
  • kan drøfte og analysere etiske, metodiske og teknologiske dilemma ved datajournalistikk.

Ferdigheiter:

  • Kan på heilt grunnleggande vis hente inn data og bygge opp databasar
  • Kan grunnleggande prinsipp for programmering
  • Kan grunnleggande måtar å formidle journalistikk digitalt

Generell kompetanse:

  • Kan bidra med datajournalistisk kompetanse i redaksjonelt arbeid
  • Kan inngå i fruktbart samarbeid om redaksjonelle løysingar med andre med informasjonsteknologisk kompetanse

Krav til forkunnskapar

60 studiepoeng  

Tilrådde forkunnskapar

Ingen

Studiepoengsreduksjon

Ingen

Krav til studierett

Emnet er åpent for studenter med studierett på UiB. Emnet har 25 studieplassar. Inntil 10 studieplassar er reserverte for studentar på bachelorprogrammet i journalistikk. 

Ved fleire søkjarar enn plassar vert studentane rangert etter tidspunkt for søknad.

Søknadsfrist er fredag uke 33

Arbeids- og undervisningsformer

Workshops, seminar, førelesingar, gruppearbeid.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Ei oppgåve - individuelt eller i gruppe - pr. modul.

Nærmare spesifiksjon blir gitt ved oppstart av kurset.

Dei obligatoriske arbeidskrava må vere godkjende før studenten kan gå opp til eksamen.

Vurderingsformer

Heimeeksamen over 5 dager 

Hjelpemiddel til eksamen

-

Karakterskala

Karakterskala A-F  

Vurderingssemester

Eksamen vert berre tilbydd i undervisningssemesteret

Litteraturliste

Litteraturlista vil vere klar innan 01.06. for haustsemesteret og  01.12. for vårsemesteret.  

Emneevaluering

Alle emne blir evaluert i tråd med UiBs kvalitetssystem for utdanning.

Programansvarleg

Programstyret ved Institutt for informasjons- og medievitenskap

Emneansvarleg

Emneansvarleg og administrativ kontaktperson finn du i Mitt UiB.  

Administrativt ansvarleg

Det samfunnsvitskaplege fakultet ved Institutt for informasjons- og medievitskap har det administrative ansvaret for emnet.

Kontakt