Hjem
Studentsider
Laveregradsemne

Kunst, arkitektur og visuell kultur 1950-i dag

  • Studiepoeng15
  • UndervisingssemesterHaust
  • EmnekodeKUN108
  • Talet på semester1
  • SpråkNorsk/skandinavisk.
  • Ressursar

Hovedinnhold

Studiepoeng, omfang

15 studiepoeng.

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor.

Undervisningssemester

Haust.

Undervisningsstad

Bergen.

Mål og innhald

Emnet gir eit oversyn over sentrale verk, kunstteoretiske omgrep og teoretiske diskusjonar knytte til biletkunst, arkitektur og visuell kultur i tida etter 1950. På biletkunstens område dekker emnet tema i spennet frå seinmodernisme og framvekst av ny-avantgardistiske kunstretningar, konseptualisme, utviklinga av multimediale kunstpraksisar og tilhøvet mellom estetikk og politikk, til framveksten av ei global kunstscene, og på arkitekturfeltet gir emnet ei innføring i arkitektur i spennet frå moderne, postmoderne og til notidas arkitekturformer. Emnet legg vekt på å utforske samanhengen mellom sentrale estetiske og kunstnariske uttrykk, teoretiske omgrep og kritiske tolkingstradisjonar. Ein kan til dømes diskutere korleis konseptuelle kunstomgrep, feministiske perspektiv, problemstillingar knytte til avkolonialisering m.m. knyter seg til spesifikke historiske kunstpraksisar og kulturelle omstende, samstundes som dei er generelle teoretiske og kritiske perspektiv i faget.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbytte:

Kunnskap

Studenten

  • har kunnskap om dei viktigaste tendensane i vestleg biletkunst, arkitektur og visuell kultur etter 1950
  • har kjennskap til teoretiske problemstillingar som er relevante i studiet av etterkrigstidas kunst
  • har erfaring med ulike tekstsjangrar knytte til det å skrive om nyare tids kunst
  • har grunnleggjande kunnskap i kritisk bruk av kjelder i studiet av etterkrigstidas kunstdiskurs og estetiske uttrykk
  • har grunnleggjande føresetnader for å fordjupe seg sjølvstendig i estetiske uttrykk frå perioden etter 1950.

Ferdigheiter

Studenten

  • kan analysere kunstverk frå perioden med utgangspunkt i relevant litteratur
  • kan gjere greie for viktige kunstnarlege tendensar og teoretiske omgrep knytte til kunst etter 1950
  • kan identifisere og presentere viktige kritiske og teoretiske posisjonar i den kunsthistoriske litteraturen som omhandlar perioden
  • kan sjå kunstproduksjonen i åra etter 1950 i ein historisk og politisk kontekst
  • kan uttrykke seg i fagleg språk og nytte ei vitskapeleg tilnærming i diskusjonar om kunst, arkitektur og visuell kultur frå tida etter 1950

Generell kompetanse:

Studenten

  • kan formidle sentralt fagstoff frå etterkrigstidas kunsthistorie munnleg og skriftleg
  • kan gjere greie for, og aktivt nytte analytiske og teoretiske omgrep som er sentrale for å forstå visuell kultur i perioden
  • kan nærme seg samtidas kunst og kulturfelt frå ein fagleg informert ståstad, og utveksle eigne synspunkt og erfaringar med aktørar med liknande kompetanse

Krav til forkunnskapar

Ingen.

Tilrådde forkunnskapar

Ingen.

Studiepoengsreduksjon

Det er full overlapping mellom KUN108 og KUN146. Studentar som kombinerer KUN108 med KUN146 får inga utteljing i studiepoeng.  

Krav til studierett

Emnet er ope for alle med studierett ved Universitetet i Bergen.

Arbeids- og undervisningsformer

Undervisinga blir gitt som førelesingar og som seminar. Det blir normalt gitt seminarundervisning tilsvarande om lag 8 timar per gruppe. Dersom ressurssituasjonen tillèt det, kan seminarundervisninga bli utvida.

Undervisninga vil legge vekt på å utforske kunst, arkitektur og teoretiske diskusjonar som praksis, og ein vil derfor så langt råd er derfor trene studentar i å lese utstillingar, verk og arkitektur gjennom besøk i lokale kunstinstitusjonar, byvandring eller skriveseminar.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Studentane pliktar å delta på seminar (75%). Dei skal som del av seminaret skrive to kortare tekstar. Desse oppgåvene skal etter godkjenning vidareutviklast og utgjere eksamenssvaret i emnet.

Vurderingsformer

Mappevurdering med to tekstar. Tekstane blir vekta likt og kvar tekst skal ha eit omfang på 1500-2000 ord.

Hjelpemiddel til eksamen

-

Karakterskala

Karakterskala A-F.

Vurderingssemester

Haust. Det er òg eksamen tidleg i vårsemesteret for studentar med gyldig godkjenning av obligatoriske arbeidskrav.

Litteraturliste

Pensum er på om lag 1000 sider.

Litteraturlista vil vere klar innan 1. juni.

Emneevaluering

Evaluering blir gjennomført i tråd med Universitetet i Bergen sitt kvalitetssikringssystem.

Programansvarleg

Programstyret for kunsthistorie.

Emneansvarleg

Fagmiljøet i kunsthistorie.

Administrativt ansvarleg

Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium.