Kunsthistoriefagets teori, metode og historiografi

Lågaregradsemne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Emnet skal gi ei djupare innsikt i kunsthistoria som fagdisiplin og i studiet av visuell kultur og ved å presentere nokre av dei sentrale analytiske strategiane, omgrepa og teoriane som har prega faget.

Ein vektlegg metodiske, historiografiske og kunstteoretiske perspektiv og tek opp sentrale teoretiske, analytiske og kritiske posisjonar som har prega kunsthistoriefaget både historisk og i dag. Ein vil til dømes kunne tematisere strukturalisme og semiotiske perspektiv, så vel som feministiske, poststrukturalistiske, postkoloniale eller andre posisjonar.

Kunnskap om kunsthistoriografi, kunstteori og kunsthistorisk metode er naudsynt for å arbeide med kunsthistorie og visuell kultur i sin heilskap.

Undervisninga er både tematisk og historisk organisert. Ein legg vekt på å drøfte sentrale grunnomgrep og teoretiske tradisjonar slik dei trer fram hjå kunsthistorikarar og -teoretikarar og i relasjon til konkrete døme frå kunst og visuell kultur.

Val av tematisk tyngdepunkt kan variere frå semester til semester.

Læringsutbyte

Kunnskap

Studenten

  • har oversyn over sentrale omgrep og teoretiske tradisjonar i kunsthistoriefaget
  • kjenner og kan gjere greie for hovudlinjer i kunsthistoriefagets historie

Ferdigheiter

Studenten

  • kan reflektere kritisk og sjølvstendig kring teoretiske og metodiske problem i kunsthistoriefaget
  • kan skrive sjølvstendige analytiske tekster i tråd med normer og reglar for akademisk skriving
  • har erfaring med å arbeide i gruppe, med å gi kommentarar på andre sitt arbeid og med å få tilbakemeldingar på eige

Generell kompetanse

Studenten

  • er godt førebudd på å forstå, og ta del i teoretiske grunnlagsdebattar innan kunsthistorie og visuell kultur
  • er godt førebudd til fagleg, akademisk arbeid på masternivå

Fulltid/deltid

Fulltid

Studiepoeng, omfang

15

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor.

Undervisningssemester

Vår.

Undervisningsstad

Bergen
Krav til forkunnskapar
Ingen.
Tilrådde forkunnskapar
Ingen
Studiepoengsreduksjon
Ingen
Krav til studierett
Emnet er ope for alle med studierett ved Universitetet i Bergen.
Arbeids- og undervisningsformer

Førelesingar og seminarundervisning. Seminarundervisninga vil normalt ha eit omfang på rundt 15 timar.

Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne, kan instituttet innføre redusert undervisning, jamfør instituttets retningslinjer for dette på Mitt UiB. På emne der dette kan vere aktuelt vil studentane får informasjon om det ved semesterstart, og før fristen for semesterregistrering 1. februar.

Obligatorisk undervisningsaktivitet
Studentane må møte på minst 75 % av undervisninga. I tillegg må ein breiddetest omkring halvvegs i semesteret vere godkjent (godkjend/ikkje godkjend) for å få gå opp til eksamen.
Vurderingsformer
7-dagars heimeeksamen. Oppgåva skal ha eit omfang på 3500-4000 ord.
Karakterskala
Karakterskala A-F.
Vurderingssemester
Vår. Eksamen vert berre tilbydd i undervisningssemesteret. Ny eksamen påfølgande semester berre for studentar med rett til ny vurdering.
Litteraturliste

Pensum er på om lag 1000 sider.

Litteraturlista vil vere klar innan 1. desember.

Emneevaluering
Evaluering blir gjennomført i tråd med Universitetet i Bergen sitt kvalitetssikringssystem.
Hjelpemiddel til eksamen
Ikkje relevant.
Programansvarleg
Programstyret for kunsthistorie
Emneansvarleg
Fagmiljøet i kunsthistorie.
Administrativt ansvarleg
Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium.