Hjem
Utdanning
Laveregradsemne

Middelalderlatin

Studiepoeng, omfang

15

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Haust

Undervisningsstad

Bergen.

Mål og innhald

Mål: Emnet gir basiskunnskap i latinsk språk og litteratur i det kristne Vest-Europa i mellomalderen, og ei innføring i den europeiske bok- og skriftkulturen frå 500-1500.

Innhald: Kurset har førelesingar om grunnleggjande latinsk formlære og syntaks, med lesing av utvalde tekstar både i original og i omsetjing, der litteraturen blir sett inn i ein historisk kontekst. Studentane får ei innføring i utviklinga av latinsk skrifthistorie og boka som fysisk objekt (paleografi og kodikologi), samt innblikk i utfordringane ved tekstoverlevering.

Læringsutbyte

Kunnskapar

Kandidaten har

- grunnleggjande kjennskap til latinsk språk og grammatikk
- kunnskap om hovudtrekka i utviklinga av bok- og skriftkulturen i mellomalderen
- kunnskap om det latinske språks og litteraturs historie og rolle som fundament for kulturen i Vest-Europa under kristen tid

Ferdigheiter

Kandidaten kan

- på eit elementært nivå lese og omsetje korte originaltekstar på latin ved hjelp av ordbok
- formidle sentrale utviklingstrinn og grunnleggande konsept innan latinsk bokhistorie og handskriftskultur
- gjere greie for kulturelle og historiske årsaker til latinens rolle i Europa i mellomalderen

Generell kompetanse

Kandidaten kan

- arbeide sjølvstendig med ei problemstilling og presentere resultata skriftleg
- bruke arkiv, bibliotek og historiske samlingar i prosjekt, studium og forsking

Krav til forkunnskapar

Ingen.

Tilrådde forkunnskapar

Kunnskapsnivå tilsvarande latin frå vidaregåande skule eller LAT100 vil kunne vere ein fordel, men er ikkje nødvendig.

Studiepoengsreduksjon

Ingen

Krav til studierett

Emnet er ope for alle med studierett ved Universitetet i Bergen.

Denne eksamenen er open for personar utan studierett, etter søknad til Det humanistiske fakultet. Se UHL §3-10.

Arbeids- og undervisningsformer

Undervisninga vert gjeven i form av førelesingar over delar av pensum. Undervisinga kan også vere i form av gruppearbeid eller ekskursjonar.

Om lag 52 timar (to dobbelttimar i veka).

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Ingen

Vurderingsformer

Mappevurdering. Studenten skal levere to oppgåver om eit fagleg tema på kurset, til dømes ei praktisk oppgåve knytt til tekstkopiering for hand (med tilhøyrande kommentar), eller ein rapport om fagleg utbytte etter ekskursjon eller liknande. Kvar oppgåve bør vere på om lag 3 sider (ca. 1000 ord). Oppgåvene må vere innleverte seinast ei veke etter at undervisinga er avslutta. Det blir gjeve ein samla karakter på dei to mappeoppgåvene.

Hjelpemiddel til eksamen

Ingen

Karakterskala

Karakterskala A til F.

Vurderingssemester

Haust og vår

Litteraturliste

Pensum er på om lag 30 sider latinsk tekst i original (30 liner = 1 side), og 100 sider tekst i omsetjing. Dessutan inngår ei handbok i latinsk grammatikk og sekundærlitteratur i litteratur- og bokhistorie

Emneevaluering

Evaluering blir gjennomført i tråd med Universitetet i Bergen sitt kvalitetssikringssystem.

Programansvarleg

Programstyret for klassiske fag

Emneansvarleg

Fagmiljøet i klassiske fag

Administrativt ansvarleg

Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium

Kontakt

Kontaktinformasjon

studierettleiar@lle.uib.no

Eksamensinformasjon

  • Vurderingsordning: Mappevurdering

    Innleveringsfrist
    20.11.2019, 13:00
    Trekkfrist
    06.11.2019
    Eksamenssystem
    Inspera
    Digital eksamen