Hjem

Utdanning

Laveregradsemne

Tredje semester medisinstudiet

Undervisningssemester

Haust

Mål og innhald

Emnet MED3 gir studentane kunnskap om nevrobiologi, immunologi, blod, genetikk og evolusjon. Emnet inneheld også innføring i psykiatri og basal psykologi, i førebyggande medisin, etikk og kommunikasjon.

Integrert i emnet ligger ei innføring i akademisk lesing og skriving. Bibliotekskurs inngår i dette.

Studentane skal og i ei vekes praksis ved ei avdeling på eit sjukehus. Studentane skal følgje pasientar frå innkomst og gjennom opphaldet. Dei skal vere med når det vert gjort undersøkingar av pasientane, og når lege har samtale med pasienten.

Læringsutbyte

Etter fullført emne skal studenten ha kunnskap om:

  • oppbygginga og funksjonen til det sentrale og perifere nervesystemet inklusive det autonome nervesystemet, sanseorgana, dei motoriske systema og skjelettmuskelcellers struktur og funksjon
  • den anatomiske oppbygginga av hovudet og halsen
  • sentrale metodar for undersøking av struktur og funksjon til nervesystemet
  • det immunologiske og bloddannande systemet inkludert hemostase, forlikelighet, koagulasjon og vanlege sjukdommar i dette systemet
  • korleis immunapparatet beskyttar oss mot infeksjonar, om prinsipp for vaksinering, immunterapi og transplantasjon, og om immunpatologien ved allergiske, autoimmune, maligne og immunsviktsjukdomar
  • arv og mekanismar for genetisk sjukdom, og dei vanlegaste genetiske sjukdomane
  • prinsippa og nytten av medisinsk-genetisk laboratoriediagnostikk
  • mekanismar for evolusjon og populasjonsgenetikk
  • kva psykologiske, sosiale og kulturelle prosessar som utspiller seg i lege-pasient forholdet.
  • kva for førebyggbare sjukdommar som dominerer globalt og nasjonalt og dei offentlege lover og forvaltningsorgan som regulerer det førebyggande helsearbeidet
  • nokre etiske dilemma i møtet mellom pasient og lege, sentrale etiske problemstillingar i medisin, og aktuelle etiske spørsmål som er diskutert i den offentlege debatten
  • lovpålagte krav til pasientmedverknad som gjeld i norsk helselovgiving
  • korleis rolleforståing kan brukast positivt og helsefremjande i møte med pasientar og pårørande
  • korleis rollen som leiar kan påverke pasientar og kollegaer
  • grunnleggande litteratursøk og bibliotekbruk

Ferdigheter; etter fullført emne kan studenten:

  • gjere greie for dei sentrale prinsippa bak evolusjon ved naturleg seleksjon
  • forklare oppbygginga og funksjonane til nervesystemet for andre
  • identifisere viktige anatomiske strukturar på anatomiske preparat (hjerne, hovud, hals)
  • gi eksempel på korleis nervesystemet regulerer åtferd og kognisjon, og kva rolle delane av nervesystemet har i sansing, motorikk-kontroll, minne og læring, emosjonar og søvn
  • gjere greie for strukturar og funksjonar som kan bli skadde ved sjukdom eller skade i einskilde regionar i CNS og hovud/hals-området; og kva symptom ein slik skade vil gi
  • nokre grunnleggande teknikkar i undersøking av nervesystemet, øyre-nase-hals og auge i tråd med studieplanens liste over ferdigheiter.
  • gjere greie for korleis immunapparatet fungerer normalt i kampen mot infeksjonar (under dette prinsippa for vaksine), og korleis feilfunksjon kan gje sjukdom
  • gjere greie for immunologiske forhold ved avstøytings reaksjonar etter transplantasjonar
  •  
  • kjenne att ulike kommunikasjonsformar i lege-pasient forholdet og anvende disse på ein hensiktsmessig måte.
  • reflektere over kva former for legeåtferd som verkar fremjande og hemmande for pasientars helse
  • reflektere over etiske utfordringar i møte med pasientar og pårørande, og i tverrfaglege møter
  • på eit grunnleggande nivå søke opp relevant litteratur og vurdere kvalitet på primære vitskaplege publikasjonar innanfor nevrobiologiske problemstillingar.
  • grunnleggande litteratursøk og bibliotekbruk.

Generell kompetanse

Etter fullført emne kan studenten:

  • resonnere frå utvalde sett av symptom og funn til moglege stader for sjukdom eller skade på nervesystemet.
  • kunne diskutere betydinga av arv og miljø som risikofaktorar ved alle typar sjukdommar
  • kunne identifisere og analysere etiske dilemma.
  • gjennom praksis få ei forståing av samspelet mellom primærhelsetenesta og spesialisthelsetenesta på den aktuelle arbeidsstaden, og korleis pasientforløpet er frå innlegging til utskriving.
  • reflektere over eksempel på kommunikasjon mellom legen og pasienten, pårørande og/eller medarbeidarar.

Krav til studierett

Medisinstudiet

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Det vil bli brukt varierte undervisningsformer. Fagleg informasjon via Mitt UiB/e-post.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

  • Deltaking på praktiske kurs.
  • Deltaking på TBL
  • Godkjende testar undervegs i semesteret.
  • Godkjende individuelle og gruppebaserte innleveringar.

Obligatoriske arbeidskrav undervegs i semesteret må vere godkjende for å få gå opp til semestereksamen.

Vurderingsformer

Digital skriftleg eksamen

Karakterskala

A-F

Vurderingssemester

Haust

Emneevaluering

I studieplanen Medisin 2015 skal emna evaluerast ved bruk av referansegrupper i kombinasjon med skriftleg evaluering.

Programansvarleg

Programutvalet for medisin har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.

Emneansvarleg

Emneansvarleg institutt: Institutt for biomedisin

studie@biomed.uib.no

Emneansvarleg: Clive Bramham, http://uib.no/personer/Clive.Bramham

Ulike faglege ansvarlege for kvar del av emnet.

Administrativt ansvarleg

Emneansvarleg institutt: Institutt for biomedisin. I samarbeid med Klinisk institutt 1, Klinisk institutt 2, og Institutt for global helse og samfunnsmedisin

studie@biomed.uib.no

Institutt

Institutt for biomedisin

I samarbeid med Klinisk institutt 1, Klinisk institutt 2, og Institutt for global helse og samfunnsmedisin

Kontakt

Kontaktinformasjon

studie@biomed.uib.no

Institutt for biomedisin

studie@biomed.uib.no

(+47) 55 58 64 39 / 55 58 64 40 / 55 58 60 95 / 55 58 63 33

Emneansvarleg:

Clive Bramham, http://uib.no/personer/Clive.Bramham

Ulike faglege ansvarlege for kvar del av emnet.

Eksamensinformasjon

  • Klokkeslett for oppstart av skoleeksamen kan endre seg fra kl 09.00 til 15.00 eller vice versa inntil 14 dager før eksamen. Eksamenslokale publiseres 14 dager før eksamen. Kandidatene finner sin egen romplassering på Studentweb 3 dager før eksamen.

  • Vurderingsordning: Skriftleg skoleeksamen (Ny eksamen)

    Dato
    14.03.2019, 09:00
    Varigheit
    6 timer
    Trekkfrist
    01.02.2019
    Eksamenssystem
    Inspera
    Digital eksamen
    Sted