Hjem
Utdanning
Masteremne

Femte semester medisinstudiet

Undervisningssemester

Haust

Mål og innhald

Emnet MED5 har som mål at studenten skal opparbeide grunnleggjande kunnskapar innan dei parakliniske faga patologi, farmakologi, medisinsk biokjemi og radiologi. I tillegg vil det i fagsøylene Sirkulasjon 2 og Respirasjon 2 bli gitt integrert undervisning med anatomi, fysiologi, kardiologi, lungemedisin, kirurgi, allmennmedisin, medisinsk biokjemi, patologi, farmakologi, radiologi og samfunnsmedisin. I fagområda nemnt over er målet at studenten skal opparbeide forståing for patofysiologi, epidemiologiske risikofaktorer, utgreiing, diagnostikk og behandling av mange ulike sjukdommar, og at studenten sjølv skal kunne gjennomføre adekvate undersøkingar og behandlingar.

Emnet MED5 har dessutan som mål at studenten skal opparbeide grunnleggjande kunnskapar innan epidemiologi. Studenten skal i dette semesteret ha to vekers praktisk trening ved ei avdeling på eit sjukehus.

Læringsutbyte

Læringsutbyte

Kunnskap

Etter fullført emne skal studenten ha kunnskap om:

  • Cellulærpatologi: celleskade, celledød og cellulæradaptasjon til stress
  • Generelle sjukdomsprosessar: inflammasjon og immunpatologi, sirkulasjonsforstyrring generelt, tumor/kreftsjukdom
  • Etiologi, patogenese og patologisk-anatomiske funn ved sjukdommar i hjarte/ karsystemet, luftvegar/lunger, kvinnelege genitalia, bein og blautdelsvev, fordøyingsorgana, lymfeknutar og beinmarg
  • Generelle prinsipp for verknaden til ulike medikament (farmakodynamikk)
  • Prinsipp for medikamentabsorpsjon, distribusjon og eliminasjon (farmakokinetikk)
  • Dei ulike medikamentgrupper og dei viktigaste medikament sine eigenskapar og bruk (indikasjonar, biverknader og interaksjonar)
  • Samanhengen mellom dei vanlegaste medisinskbiokjemiske analysar og normale og patologiske prosessar i kroppen
  • Viktigaste styrker og svakheiter til vanlege medisinskbiokjemiske analysar som blir nytta til diagnostikk og oppfølging innan dei ulike medisinske fagfelt
  • Grunnleggjande prinsipp og adekvat og kostnadseffektiv bruk av biletediagnostikk (radiografi, ultralyd, CT, MR og nukleærmedisin)
  • Dei vanlegaste bileterettleidde intervensjons-prosedyrar / behandlingar
  • Patofysiologi, diagnostikk og behandling av vanlege hjartesjukdommar
  • Epidemiologi: Grunnleggande epidemiologisk metode
  • Epidemiologiske risikofaktorar for hjartesjukdom og prinsipp for primær- og sekundærprofylaktiske tiltak ved hjartesjukdom
  • Bruk/nytte/tolking av vanlege laboratorieprøver og kardiologiske undersøkingsmetodar
  • Dei teoretiske prinsippa for primær og avansert hjarte-lungeredning ved hjartestans
  • Kunnskap om sjukdomslære, utgreiing og behandling av luftvegsinfeksjonar, lungekreft, pleurasjukdommar og interstitielle lungesjukdommar

 

Ferdigheiter

Etter fullført emne skal studenten kunne:

  • Kjenne igjen makroskopiske og mikroskopiske endringar ved sjukdommar generelt og i organsystem, og ha innsikt i diagnostisk bruk og relevans av desse endringane
  • Forstå prinsipp for farmakologisk behandling av sjukdom, beherske relevant fagterminologi og nytte farmakologisk kunnskap på faglege problemstillingar
  • På grunnlag av kliniske problemstillingar ved vanlege sjukdommar kunne velje riktige biokjemiske analysar for ein diagnostisk avklaring eller ein monitoreringeffekt av behandling / sjukdomsutvikling
  • Tolke biokjemiske analysesvar og ta korrekt avgjerd med tanke på diagnostikk eller monitorering av behandlingseffekt / sjukdomsutvikling ved vanlege sjukdommar
  • Skildre biletefunn ved dei vanlegaste sjukdommane ein ser som nyutdanna lege
  • Utføre «bed-side» ultralyd
  • Gjennomføre adekvat journalopptak på pasient med hjartesjukdom
  • Utføre og tolke EKG sjølvstendig og hjarte-lungeredning ved hjartestans
  • Initiere behandling hos pasientar med akutt hjarte-sjukdom og initiere og følgje opp antikoagulasjons-behandling
  • Ha vidarekomne ferdigheiter innan gjennomføring og tolking av spirometri
  • Ha basale ferdigheiter når det gjeld å ta prøve til og tolke arterielle blodgassprøver /syrebase, vurdering av rtg. thorax, tapping av pleuravæske og behandling av pneumothorax
  • Diskutere hovudtypane av studiedesign og deira styrke og ulemper
  • Forstå mål på førekomst av sjukdom og mål på assosiasjonar
  • Vurdere moglege feilkjelder og kausalitet i publiserte studiar

Generell kompetanse

Etter fullført emne skal studenten kunne:

  • Ha innsikt i organiseringa av helsevesenet, ha evne til tverrfagleg medisinsk tenking og kunne utvikle gode samarbeidsrelasjonar til andre yrkesgrupper og samhandling mellom primær- og spesialisthelseteneste
  • Ha innsikt i og kunne utvikle haldningar som skapar kontakt, tryggleik og tillit i lege-pasient forholdet
  • Vise balanse mellom medmenneskeleg forståing ogrespekt og evne til å handtere pasientar på fagleg forsvarlig vis når pasienten sin livstil er ein direkte eller medverkande årsak til sjukdom
  • Ha nødvendig faktakunnskap for sjølvstendig å kunne vurdere publiserte studiar knytt til medisinsk årsaksforsking

Krav til studierett

Medisinstudiet

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Undervisninga blir gitt i form av førelesingar, pasientdemonstrasjonar, TBL, gruppeundervisning med innøving av undersøkingsteknikk og undersøking av pasientar. Ein føreset stor eigenaktivitet frå studentane si side når det gjeld å utøve undersøkingsteknikk på kvarandre.

Fagleg informasjon via Mitt UiB/e-post

Obligatorisk undervisningsaktivitet

  • Deltaking på praktiske kurs og øvingar
  • Deltaking på praksisutplassering
  • Deltaking på pasientdemonstrasjonar
  • Deltaking på teambasert læring (TBL)
  • Deltaking på gruppeundervisning
  • Skriftlig innlevering av gruppeoppgåver i epidemiologi og individuell test med multiple choice oppgåver
  • Oppgaver i generell farmakologi og Kasuistikker innenfor farmakologiundervisningen.
  • Undervegstestar

Obligatoriske arbeidskrav undervegs i semesteret må vere godkjent for å få gå opp til semestereksamen.

Vurderingsformer

6 timar tverrfagleg digital eksamen (siste veke avsemesteret).

Karakterskala

A-F

Vurderingssemester

Haust

Emneevaluering

I studieplanen Medisin 2015 skal emna evaluerast ved bruk av referansegrupper i kombinasjon med skriftleg evaluering.

Programansvarleg

Programutvalet for medisin har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.

Emneansvarleg

Semesterstyret for MED5.

Emneansvarleg institutt: Klinisk institutt 2

Administrativt ansvarleg

Emneansvarleg institutt: Klinisk Institutt 2.

I samarbeid med Klinisk institutt 1 og Institutt for global helse og samfunnsmedisin.

studie@kliniskmedisin.uib.no

Institutt

Klinisk institutt 2.

I samarbeid med Klinisk institutt 1 og Institutt for global helse og samfunnsmedisin

Kontakt

Kontaktinformasjon

studie@kliniskmedisin.uib.no

+47 55972957

Klinisk institutt 2

Eksamensinformasjon

  • Klokkeslett for oppstart av skoleeksamen kan endre seg fra kl 09.00 til 15.00 eller vice versa inntil 14 dager før eksamen. Eksamenslokale publiseres 14 dager før eksamen. Kandidatene finner sin egen romplassering på Studentweb 3 dager før eksamen.

  • Vurderingsordning: Skriftleg eksamen

    Dato
    12.12.2019, 09:00
    Varigheit
    6 timer
    Trekkfrist
    01.09.2019
    Eksamenssystem
    Inspera
    Digital eksamen