Regresjonsmodellar i medisinsk forsking

Masteremne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Målet med kurset er å gje ei innføring i regresjonsmetodar som vert mykje nytta i medisinsk og epidemiologisk forsking (Cox regresjon, logistisk regresjon, lineær (gaussisk) regresjon). Kurset skal gi ei forståing for metodane sine bruksområde og avgrensingar. Vidare skal kursdeltakarane gjerast i stand til å utføre enkle analyser, tolke utskrifter frå statistiske programpakker og formidle resultata i vitskapelige artiklar.

Læringsutbyte

Kunnskap

Etter fullført emne skal studentane kunne:

  • Forstå korleis vanlege regresjonsmodellar (lineær, logistisk, Cox) virker
  • Forstå korleis ein bygger opp ein regresjonsmodell ved hjelp av ulike variablar, og kunne tolke regresjonskoeffisientar
  • Forstå korleis effektstorleik, signifikansnivå og utvalsstorleik heng saman med statistisk styrke

Ferdigheiter

Etter fullført emne skal studentane kunne:

  • Utføre og tolke vanleg brukte regresjonsanalysar

Generell kompetanse

Etter fullført emne skal studentane:

  • ha tileigna seg god forskingsskikk og forståing av korleis ein rapporterer data og tal, til dømes ikkje rapportere selektivt eller overdrive tydinga av eigne funn

.

Studiepoeng, omfang

5 studiepoeng

Studienivå (studiesyklus)

Master/PhD-nivå

Undervisningssemester

Vår
Krav til forkunnskapar
HELSTA/MEDSTA eller tilsvarande og noko kjennskap til statistikkpakkar
Studiepoengsreduksjon

MEDSTA2 har fagleg overlapp med:

- ELMED313 (1 sp)

Krav til studierett
opptak på master-/ph.d.-program
Arbeids- og undervisningsformer

Forelesingar og øvingar.

6 dagar med undervisning.

Øvingane vil vere basert på programpakken Stata

NB! Alle kursdeltakarar må ta med eigen PC (laptop eller stasjonær) med Stata installert!

Obligatorisk undervisningsaktivitet
To obligatoriske heimeoppgåver.
Vurderingsformer
Skriftlig heimeeksamen
Karakterskala
Bestått/ikkje bestått
Vurderingssemester
Vår
Litteraturliste
Litteraturliste i Leganto
Emneevaluering
Periodisk emneevaluering
Programansvarleg
Enkeltståande emne
Emneansvarleg

Emneansvarleg: Magne Haugland Solheim

www.uib.no/personer/Magne.Solheim

Administrativt ansvarleg
Institutt for global helse og samfunnsmedisin