Hjem
Utdanning
Laveregradsemne

Mediebruk: Identitet og samfunn

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Haust

Mål og innhald

Målet med dette fordjupingsemnet er å styrka studentane sin kunnskap om mediebruk i samfunnet og i identitetskapande prosessar. Mediebruk er individualisert og prega av forskjellar, men er og med på å knytte menneske saman i kulturelle, sosiale og politiske fellesskap. Emnet tar særskilt for seg endringar i bruken knytt til sosiale, nettbaserte og digitale media, og gir studentane innsikt i lokale så vel som globale kontekstar for mediebruk. Emnet gir kritiske perspektiv på mediebruk sett i høve til tema som kjønn, klasse, etnisitet og digitale skiljeliner. Det vert gitt ei fordjuping i sentrale metodiske tilnærmingar, men òg ei innføring i metodar som er særskilt relevante for å studera nye former for mediebruk. Gjennom arbeidet legg ein vekt på metodisk refleksjon og på samanhengane mellom kvantitative og kvalitative tilnærmingar, samt tilhøvet mellom teori og metode. Emnet vektlegg studentaktiv læring og nyttar undervisningsformer som oppmodar til aktiv deltaking i fagleg diskusjon. Metodeopplæringa tar form av eit praktisk forskingsarbeid der studentane prøver ut ulike tilnærmingar for å forstå ei aktuell problemstilling, og legg fram resultat frå arbeidet i ein munnleg presentasjon for interesserte forskarar.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar

Studenten

  • har kunnskap om mediebruk i samfunnet og i identitetsskapande prosesser
  • har kunnskap om bruk av sosiale, digitale og nettbaserte medier
  • har innsikt i utvalde medievitskaplege og sosiologiske teoriar om mediebruk, identitet, samfunn og skiljelinjer

Ferdigheiter

Studenten

  • kan analysera mediebruk ved hjelp av metodar som er sentrale i forskinga
  • kan reflektera over forskjellar i mediebruk knytt til samfunnsmessige skiljeliner
  • kan reflektera over endringar i mediebruk knytt til digitalisering

Generell kompetanse

Studenten

  • kan utvikla relevante problemstillingar, forskingsdesign og analysar for avgrensa prosjekt
  • kan arbeide i grupper med avgrensa prosjekt
  • kan ta del i faglege diskusjonar gjennom munnlege presentasjonar og skriftlege framstillingar

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

MEVI102

Krav til studierett

Emnet er reservert for studentar med studierett ved Universitetet i Bergen.

Arbeids- og undervisningsformer

Førelesingar og seminar. Praktisk forskingsarbeid knytt til seminarløpet.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Godkjent seminardeltaking, inkludert deltaking i praktisk forskingsarbeid og presentasjon av dette arbeidet. Godkjent pensumtest. Godkjende arbeidskrav har inga tidsavgrensing.

Vurderingsformer

Heimeeksamen over 4 dagar. Oppgåva skal vera på 4500 ord +/- 10%, ekskludert innhaldsliste og litteraturliste.

Karakterskala

A-F

Fagleg overlapp

MEVI222B (15 sp)

Vurderingssemester

Eksamen vert tilbydd i undervisningssemesteret og påfølgjande semester (ordinær eksamen for studentar med gyldig obligatorisk undervisningsaktivitet).

Emneevaluering

Emnet vert evaluert kvart 3. år

Kontakt

Kontaktinformasjon

studieveileder@media.uib.no

Eksamensinformasjon

  • Vurderingsordning: Hjemmeeksamen

    Oppgave utleveres
    25.11.2019, 09:00
    Innleveringsfrist
    29.11.2019, 10:00
    Trekkfrist
    11.11.2019
    Eksamenssystem
    Inspera
    Digital eksamen