Avansert mediebruksanalyse
- Studiepoeng15
- UndervisingssemesterHaust
- EmnekodeMEVI302
- Talet på semester1
- SpråkNorsk
- Ressursar
Hovedinnhold
Studiepoeng, omfang
15 studiepoeng
Studienivå (studiesyklus)
Master
Undervisningssemester
Haust
Mål og innhald
Målet med emnet er at studentane skal tileigne seg oppdatert kunnskap og metodiske ferdigheiter innan avansert mediebruksanalyse. Emnet tek utgangspunkt i aktuelle spørsmål i samfunnet og mediebruksforskinga, og studerer korleis menneske kommuniserer, brukar og fortolkar medier og medieinnhald. Emnet vektlegg teoriar og metodar som høver for å studere bruk på tvers av medier, men kan òg framheve visse former for bruk, til dømes av smarttelefon eller sosiale medier. Teoretiske perspektiv omfattar demokratiske, retoriske, identitetsmessige, teknologiske og sosiokulturelle dimensjonar ved mediebruk.
Målet for emnet vert nådd gjennom ein kombinasjon av to element. For det første ein kritisk diskusjon av klassisk og ny forsking på mediebruk knytt til ei aktuell problemstilling, og metodiske og teoretiske grunnlag for forskinga. For det andre gjennomføring av eit forskingsprosjekt der studentane med innovative metodar undersøkjer visse aspekt ved mediebruk. Prosjektet vert gjennomført i grupper under rettleiing.
Læringsutbyte
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskapar
Studenten
- har avansert og oppdatert kunnskap om mediebruksforsking
- har inngåande kjennskap til teoretisk, metodisk og forskingsetisk grunnlag for mediebruksanalyse
- kan drøfte problemstillingar om mediebruk ut frå klassisk og ny forsking
Ferdigheiter
Studenten
- meistrar avanserte og innovative metodar for mediebruksanalyse
- kan bidra til å organisere og utføre ein mediebruksstudie som prosjekt i grupper
- kan nytte innovative metodar i mediebruksforskinga
Generell kompetanse
Studenten
- kan nytte avansert teori og metode i analyse av aktuelle problemstillingar om mediebruk
- kan presentere eigen og andre si forsking gjennom varierte formidlingsformer
- kan ta del i nytenking om endringar i bruk av teknologi og medier
Krav til forkunnskapar
Bachelorgrad i medievitskap, medier og kommunikasjon eller tilsvarande
Studiepoengsreduksjon
Ingen
Krav til studierett
Emnet er reservert for studentar på masterprogrammet i medier og kommunikasjon. Studentar ved andre masterprogram kan ta emnet etter søknad.
Arbeids- og undervisningsformer
Seminar og prosjektarbeid i grupper under rettleiing.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
- Munnleg og skriftleg presentasjon av pensumtekst, og munnleg kommentar til ein annan student sin presentasjon.
- Deltaking i prosjektarbeid i grupper.
- Individuelt refleksjonsnotat frå prosjektarbeidet.
Godkjende arbeidskrav gyldige berre i undervisningssemesteret.
Vurderingsformer
I emnet nyttar ein følgjande vurderingsformer:
- Rapport frå prosjektarbeidet, skrive i grupper. Omlag 7000 ord. Tél 40 prosent av samla karakter.
- Munnleg individuell eksamen. Tél 60 prosent av samla karakter.
Karakterskala
Karakterskala A-F
Vurderingssemester
Vurdering vert berre tilbydd i undervisningssemesteret.
Litteraturliste
Litteraturlista vil vere klar innan 01.06. for haustsemesteret.
Emneevaluering
Alle emne blir evaluert i tråd med UiBs kvalitetssystem for utdanning.
Programansvarleg
Programrådet har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.
Administrativt ansvarleg
Det samfunnsvitskaplege fakultet ved Institutt for informasjons- og medievitenskap har det administrative ansvaret for emnet.