Hjem
Utdanning
Masteremne

Realfagdidaktisk forskningsmetode og kritisk lesning av forskningslitteratur

Fulltid/deltid

Fulltid

Undervisningssemester

Haust

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Emnet tek opp sentrale trekk ved kvalitative og kvantitative forskningsmetodar som blir brukt innan utdanningsforsking. Dette inkluderer førmåla med forskinga (hypotesetesting - forklare og forstå interaksjonar i undervisninga), metodiske tilnærmingar (eksperiment, statistikk- kasusstudie, teksttolking), samt validitet og gyldigheit. Studentane skal etter fullført emne vere i stand til å krititisk vurdere kvalitative og kvantitative forskingsdesign og til å utvikle egne forkingsidear.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar
Studenten....

  • kan skildre sentrale trekk ved kvantitative og kvalitative forskingsmetodar i realfagsdidaktikk: spørjeundersøkingar, ulike intervjutypar, dokumentanalyse, samt metastudiar, systematiske rewiew, observasjonsstudiar og kvasi-eksperiementelle studiar
  • kan forklare grunnleggjande statististiske metodar i realfagsdidaktisk litteratur
  • kan drøfte potensielle feilkilder og moglegheiter for feiltolking av forsning relevant for realfagdidatikk

Ferdigheiter
Studenten...

  • kan fokusert og systematisk utforske realfagdidaktisk forskingslitteratur, bruke relevante databasar og sette seg inn i sentrale forskingsresultat
  • kan vurdere kritisk styrker og svakheiter ved realfagdidaktisk forkingslitteratur
  • kan kritisk vurdere påstandar om læring og undervisning i realfag, og analysere bakgrunnen for påstandane

Generell kompetanse
Studenten...

  • kan bruke forskingslitteratur til å vudareutvikle si forståing for læring og undervisning

Krav til forkunnskapar

Minimum 200 studiepoeng ved lektorprogrammet i naturvitskap og matematikk ved UiB, eller tilsvarande utdanning etter godkjenning.

Krav til studierett

For oppstart på emnet er det krav om ein studierett knytt til lektorprogrammet ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultet.

Arbeids- og undervisningsformer

Undervisninga gis i form av:

  • Seminar
  • Lesing av forskingslitteraturen
  • Førebuing til og aktiv deltaking på seminara

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Ingen obligatoriske aktivitetar.

Vurderingsformer

I emnet nyttar ein føøgjande vurderingsformer:

  • Mappeeksamen med tre oppgåver: kritisk vurdering av to artiklar i realfagsdidaktikk, ein kvalitativ og ein kvantitativ.
  • Drøfting av eit sjølvvalt emne knutta til utvikling av forskingsdesign med relevans for fagdidaktisk materoppgåve.

Hjelpemiddel til eksamen

Ingen

Karakterskala

Bestått / ikkje bestått

Fagleg overlapp

Ingen

Vurderingssemester

Haust

Litteraturliste

Litteraturlista vil vere klar innan 01.06 for haustsemesteret.

Emneevaluering

 Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.

Programansvarleg

Lærerutdanningsitvalget har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.

Emneansvarleg

Emneansvarleg og administrativ kontaktperson finn du på Mitt UiB

Administrativt ansvarleg

Det matematisk-naturvitskaplege fakultet ved Matematisk institutt har det administrative ansvaret for emnet.

Kontakt

Kontaktinformasjon

Studierettleiar kan kontaktast her: studierettleiar@math.uib.no

Eksamensinformasjon