Hjem
Utdanning
Laveregradsemne

Bioetikk

Undervisningssemester

Haust. Frist for å melda seg til undervising i emnet er torsdag veke 33 for haustsemesteret. Du får svar på Studentweb seinast tysdag veka etter om du har fått plass på emnet.

Første forelesning/orienteringsmøtet er obligatorisk,du mistar undervisingsplassen i emnet om du ikkje stiller denne dagen.

Tidspunkt for første forelesning/orienteringsmøtet finn du på timeplanen på nettsida til emnet eller på Mitt UiB.

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Mål og innhald

Målet er at studentane vert i stand til å vurdera bioetiske problem og forstår det normative aspektet ved etisk evaluering. Undervisinga blir i stor grad bestemt av aktuell samfunnsdebatt, nasjonale og internasjonale lovar og lovforslag og nyare bioteknologisk utvikling. Tema som testing av arveeigenskapar, genterapi, kloning, stamceller, assistert befrukting, xenotransplantasjon, bruk av dyr i forsking og matproduksjon og genetisk modifisering av planter vil bli diskutert. Forståing av etiske prinsipp blir og gjennomgått. Det blir lagt vekt på aktiv deltaking frå studentane i undervisinga og dei skal til ein viss grad vere med å forme emnet. Faget passar for studentar frå alle fakultet og med ulik bakgrunn.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar

Studenten

  • kan forklara filosofiske, etiske, juridiske og biologiske aspekt ved aktuelle bioetiske spørsmål
  • kjenner til etikkens normative basis
  • har innsikt i nasjonale og internasjonale lovar og lovforslag som angår bioteknologi og bioetikk
  • har oversikt over nyare bioteknologiske trendar
  • kan greie ut om sentrale tema som genterapi, arveeigenskapar, assistert befruktning, stamceller og kloning, xenotransplantasjon, bruk av dyr i forsking og matproduksjon og genetisk modifisering av planter

Ferdigheiter

Studenten

  • kan identifisera ulike bioetiske aspekt i aktuell relevant samfunnsdebatt

Generell kompetanse

Studenten

  • kan kommunisere kunnskap om bioetiske problem

Krav til forkunnskapar

Ingen

Krav til studierett

Emnet er ope for studentar med studierett ved Universitetet i Bergen.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Førelesingar, øvingar og semesteroppgåve.

Vurderingsformer

Godkjent semesteroppgåve.

Karakterskala

Bestått/ikkje-bestått

Fagleg overlapp

MNF220: 3sp

Vurderingssemester

Haust

Emneevaluering

Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.

Kontakt

Kontaktinformasjon

Studierettleiar ved Institutt for Biovitenskap, studie@bio.uib.no

Eksamensinformasjon