Hjem
Utdanning
Masteremne

Musikkterapeutisk forskingsmetode

Studienivå (studiesyklus)

Master

Undervisningssemester

Vår

Undervisningsstad

Griegakademiet - Institutt for musikk

Mål og innhald

Undervisninga skal gje innsikt i musikkterapiens vitskapsteoretiske fundament og ulike forskingstradisjonar innan faget og kurset inneheld fire hovudkomponentar inkludert prosjektskisseseminar:

Introduksjon til musikkterapeutisk forsking

Kurset gjev eit oversyn over nokre sentrale problemfelt knytt til musikkterapeutisk forsking, og omfattar tema som: særlege kjenneteikn ved og utfordringar for musikkterapeutisk forsking, forskingstradisjonar i musikkterapifaget og vitskapsteoretiske posisjonar som har prega feltet.

Kvalitative forskingsmetodar

Kurset gjev ein introduksjon til kvalitative forskingsmetoder i musikkterapi, og omfattar tema som: eigenarten ved kvalitative metodar, kunnskapssyn og kvalitative forskingstradisjonar, problemstilling, undersøkingsopplegg og forskingsprosess, metodar for datainnsamling, analyse, tolking og teoriutvikling, formidling, samfunnsrelevans og kvalitet.

Kvantitative forskingsmetodar

Kurset gjev ein introduksjon til kvantitativ forskingsmetode, og omfattar tema som: konstruksjon og kvalitetstesting av intervjuskjema, spørjeskjema og skalaer, representativitet og randomisering, grunnleggjande omgrep i statistisk dataanalyse, sentrale metodar innan statistisk dataanalyse.

Kasusstudiar, teoretiske undersøkingar og blanda metodar (mixed methods)

Kurset gjev ein introduksjon til kasusstudiar, teoretiske undersøkingar og blanda metodar, med vekt på tema som: kasusstudium som design og metode, mogelegheiter for integrasjon av kvantitative og kvalitative forskingstilnærmingar og teoretisk vurdering og kritikk. Historisk forsking og ulike musikkorienterte tilnærmingar til musikkterapiforsking blir også diskutert i dette kurset.

Læringsutbyte

Ved avslutta emne har studenten følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, dugleikar og generell kompetanse:

Kunnskapar

- har kunnskap innanfor kvalitative og kvantitative forskingsmetodar i musikkterapi

Dugleikar

- har evne til å kunne vurdere ulike forskingstradisjonar i musikkterapien i lys av vitskapsteori

- vurdere relevante forskingsmetodar for eiga masteroppgåve

Generell kompetanse

- har utvikla kompetanse til å kunne forske i musikkterapi og til å vurdere forsking på feltet

- kan orientere seg i forskingslitteratur

Krav til forkunnskapar

Opptak til 300-nivået av det integrerte masterprogrammet i musikkterapi. Unntak blir gjort for studentar på Forskingslinja.

Tilrådde forkunnskapar

Ingen

Krav til studierett

Femårig integrert masterprogram i musikkterapi

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Lærarstyrt undervisning, samarbeid i gruppe og sjølvstendig skriftlege arbeid.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

All undervisning er obligatorisk og omfattar:

Rettleiing av prosjektskissa, totalt 2,5 timar per student

- Det er ein føresetnad at alle obligatoriske aktivitetar er gjennomførte og godkjende før eksamen.

Fråvær på meir enn 20 % fører normalt til tap av eksamensrett.

Vurderingsformer

Godkjend prosjektskisse på ca. 3200-4000 ord; ca. 10-12 sider, linjeavstand 1,5 og 12 pkt. skift. Litteraturliste og vedlegg kjem i tillegg. Når to eller fleire studentar skriv saman, blir omfanget utvida med 2/3 for kvar ny medforfattar.

Intern sensur med minst to sensorar.

Karakterskala

Greidd/Ikkje greidd

Vurderingssemester

Vår

Litteraturliste

Pensum er på ca. 1000 s., derav 300 s. sjølvvald pensum. Eiga litteraturliste blir utarbeidd.

Emneevaluering

Det blir gjennomført evaluering i form av spørjeskjema. Ein skriftleg rapport blir utarbeidd.

Kontakt

Kontaktinformasjon

studieveileder@kmd.uib.no

Eksamensinformasjon