Hjem
Studentsider
Masteremne

Klinisk praksis i spesialisthelsetjenesten

  • Studiepoeng10
  • UndervisingssemesterVår, Haust
  • EmnekodeNUCLI356
  • Talet på semester1
  • SpråkNorsk
  • Ressursar

Hovedinnhold

Undervisningssemester

Vår og høst

Mål og innhald

Praksisperioden skal i størst mogleg grad omfatte direkte pasientretta arbeid med både inneliggande og polikliniske pasientar i spesialisthelsetenesta. Den første veka skal studentens kliniske ernæringsfysiolog (KEF)-rettleiar vere til stades i alle pasientmøter. Det forventast at studenten viser økt grad av sjølvstende gjennom praksisperioden. KEF-rettleiar skal jevnlig observere studenten i pasientmøter for å vurdere progresjon. Det er rettleiar som til ei kvar tid er ansvarleg for den aktuelle pasientbehandlinga.

Studenten skal ta del i ulike daglege arbeidsoppgåvene som KEF har på praksisstaden, f.eks. pre-visitt, pasientkonsultasjon (inneliggande og poliklinisk), tverrfagleg samarbeid med leger, pleiepersonell og tilsette på kjøkken, pasientundervisning og undervisning av anna helsepersonell.

Etter praksisperioden skal studenten sjølvstendig kunne vurdere, diagnostisere og behandle ernæringsutfordringar hos pasientar med enkle, og komplekse somatiske og psykiske sjukdommar.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Ferdigheiter: Studentane..

  • Kan anvende sin kunnskap om metodar for dokumentasjon, krav til konfidensialitet og juridiske og etiske aspektar ved journalføring.
  • Kan gjennomføre kostrettleiing tilpassa mottakarens helsekompetanse, sosioøkonomiske status og kulturelle bakgrunn.
  • Kan analysere og tolke innsamla ernæringsrelatert informasjon og samanlikne med kriterier, anbefalingar og retningslinjer, og nytte dette til å stille ei ernæringsdiagnose hos pasientar i spesialisthelsetenesta.
  • Kan bruke kunnskap om ernæringskartlegging og diagnose til å gjennomføre ein ernæringsintervensjon.
  • Kan bruke relevante medisinske ernæringsprodukt, her under val og dosering av næringsdrikker, sondeernæring og intravenøs ernæring.
  • Kan følge opp og evaluere ernæringsstatus hos pasientar i spesialisthelsetenesta
  • Kan bruke relevante verktøy for vurdering av risiko for underernæring.
  • Kan analysere eit samansatt sjukdomsbilde og gi tilpassa og målretta medisinsk ernæringsbehandling, -oppfølging og monitorering.
  • Kan gjennomføre kostrettleiing, blant anna med bruk av relevante metodar innan pasientsentrerte konsultasjonsteknikkar, av brukarar, pasientar og pårørande i lærings-, meistrings- og endringsprosessar.
  • Kan gjennomføre tverrprofesjonell samhandling.

Generell kompetanse: Studentane..

  • Kan anvende sine kunnskapar og ferdigheiter til å reflektere over eiga rolle og praksis som klinisk ernæringsfysiolog, også i tverrfaglege team.
  • Kan analysere, reflektere over og handtere etiske problemstillingar i sitt arbeid som klinisk ernæringsfysiolog i tråd med yrkesetiske retningslinjer.
  • Kan anvende sine kunnskapar og ferdigheiter i sjølvstendig fagutøving som klinisk ernæringsfysiolog i spesialisthelsetenesta.
  • Kan anvende sine kunnskapar og ferdigheiter i relasjons-, kommunikasjons- og rettleiingskompetanse til å forstå og samhandle med brukarar, pasientar og pårørande.

Krav til forkunnskapar

Fullført 1.studieår i master i klinisk ernæring

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Klinisk praksis skal gå føre seg under rettleiing

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Sjekkliste fullført.

Vurderingsformer

Godkjend seks veker klinisk praksis (sjå egne skjema i Mitt UiB)

Skikkethetsvurdering basert på formelle vurderingskriterier «godkjent/ikke godkjent» i høve til reglement ved Det Medisinske fakultet:

https://www.uib.no/med/90754/regler-gjennomf%C3%B8ring-og-vurdering-av-praksisperioder

Reiser det tvil om studenten vil oppnå godkjent praksis, skal det arrangerast eit møte, der både praksisrettleiar/universitetets representant og studenten deltar. Det skal skrivast ei oppsummering som alle møtedeltakarane signerer. Det skal påpekast kva krav som evt. må oppfyllast for å kunne oppnå vurderinga «Godkjent».

Frist for å gje studenten skriftleg melding om at vedkommande står i fare for å ikkje å oppnå godkjent praksis er minimum ei veke før praksisperioden avsluttast.

Karakterskala

Bestått / ikkje bestått

Kontakt