Hjem
Studentsider
Masteremne

Masteroppgåve i klinisk ernæring - forskningsprotokoll

  • Studiepoeng10
  • UndervisingssemesterVår
  • EmnekodeNUCLI390A
  • Talet på semester1
  • SpråkNorsk
  • Ressursar

Hovedinnhold

Undervisningssemester

Vår

Mål og innhald

Målet med kurset er at studentane skal utarbeide en forskingsprotokoll til masteroppgåva. Studentane skal lære om biomedisinsk statistikk og forskingsetikk, formulere forskingsspørsmål og hypotesar, innhente relevant litteratur og kritisk evaluering av den, akademisk skriving og bidrar til å søke etisk godkjenning til forsøk som involverer menneske eller dyr. Studentane skal lage en forskingsprotokoll som krev godkjenning av rettleiar for å gå videre til masteroppgåva. Emnet utgjer saman med NUCLI390B 60 studiepoeng masteroppgåve i klinisk ernæring.

Forskingsprotokollen skal innehalde en introduksjon med litteraturoppsummering, forskingsspørsmål og hypotese til masteroppgåva, metodebeskrivelse med vekt på statistikk, forskingsetisk vurdering og forventa nytteverdi av forskingsprosjekt.

Protokollen skal ikkje overstige 3000 ord (utan referansar og tabellar).

Læringsutbyte

Studentane skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar: Studentane..

  • Har inngåande kunnskap om relevante metodar innan kostholds- og ernæringsforsking
  • Har inngåande kunnskap om relevante statistiske metodar innan kostholds- og ernæringsforsking
  • Har inngåande kunnskap om forskingsetikk

Ferdigheiter: Studentane..

  • Kan formulere en vitskapeleg problemstilling, samt summere opp og drøfte litteratur som belyser denne
  • kan bruke relevante metodar for datainnsamling og statistisk analyse innan kostholds- og ernæringsforsking
  • Har anvende sine kunnskapar om prinsipper for ulike typar litteratur oppsummering
  • kan forberede et sjølvstendig, avgrensa forskingsprosjekt under rettleiing og i tråd med gjeldene forskingsetiske normer

Generell kompetanse: Studentane..

  • Kan forfatte en akademisk tekst med korrekt bruk av fagspråk og referansestil, tabellar og figurer

Krav til studierett

Opptak til Master i klinisk ernæring og fullført 1. semester av studiet

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Forelesningar og gruppearbeid (statistikk, studiedesign og forskingsetikk)

Sjølvstudium, protokollskriving

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Forelesningar og gruppearbeid om statistikk er obligatorisk (80% deltaking)

Vurderingsformer

Innlevering av forskingsprotokoll på maksimalt 3000 ord (utan referansar og tabellar)

Karakterskala

Bestått / ikkje bestått

Emneevaluering

I samband med instituttet sitt kontinuerlege arbeid for å forbetra studiet vert det jamleg organisert studentevaluering av studieopplegg og undervisning, med tilbakemelding til studentane. Evalueringsresultata vil liggje til grunn for revisjonar av studieplanar, pensum og studie-/undervisningsopplegg.

Kontakt