Hjem
Studentsider
Masteremne

Masteroppgåve i klinisk ernæring

  • Studiepoeng50
  • UndervisingssemesterHaust
  • EmnekodeNUCLI390B
  • Talet på semester2
  • SpråkNorsk
  • Ressursar

Hovedinnhold

Undervisningssemester

3. og 4. semester (haust og vår)

Mål og innhald

Studenten skal jobbe med eit sjølvstendig vitskapeleg prosjekt under rettleiing i to semester. Studenten skal presentere prosjektet sitt på masterseminar til medstudentane sine og rettleiar. Relevant kunnskap opparbeidd gjennom heile studiet skal nyttast og utviklast til å fortolke og diskutere resultat på ein akademisk måte slik at studenten skal kunne formidle forskingsarbeidet på ein god måte.

Læringsutbyte

Kunnskapar: Studentane..

  • Har avansert kunnskap om relevante forskingsmetodar innan ernæringsforsking, inkludert fortolking av resultat.
  • Har inngåande kunnskap om prinsipp for systematisk kunnskapsoppsummering innan kosthalds- og ernæringsforsking.
  • Kan analysere ernæringsfaglege problemstillingar med utgangspunkt i fagområdet si historie, tradisjonar, eigenart og plass i samfunnet.

Ferdigheiter: Studentane..

  • Kan analysere og forholda seg kritisk til egen og andre si kostholds- og ernæringsforsking og diskutere overførbarhet og relevans for egen praksis.
  • Kan bruke relevante metodar for datainnsamling og statistisk analyse innan kostholds- og ernæringsforsking på ein sjølvstendig måte.
  • Kan gjennomføre eit sjølvstendig, avgrensa forskings- eller utviklingsprosjekt under rettleiing og i tråd med gjeldande forskingsetiske normer for å undersøke samanhengen mellom kosthald, helse og sjukdom.
  • Kan analysere og forholda seg kritisk til ulike informasjonskjelder og teknologiar.

Generell kompetanse: Studentane..

  • Kan bidra til fag- og kunnskapsutvikling innan ernæringsfaget, og hjelpe til i forskingsprosjekt om samanhengen mellom kosthald, helse og sjukdom.
  • Kan bidra til nytenking og innovasjonsprosessar innan klinisk ernæring.
  • Kan formidle omfattande sjølvstendig arbeid og beherskar fagområdets uttrykksformer.
  • Kan kommunisere om faglege problemstillingar, analyser og konklusjonar innanfor fagområdet, både med spesialistar og til medstudentar.

Krav til forkunnskapar

Avlagt eksamen i alle obligatoriske mastergradsemne og valfrie emne, til saman 60 studiepoeng må være bestått før avsluttande mastergradseksamen.

Krav til studierett

Opptak til masterprogram i klinisk ernæring

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Det blir oppretta ei skriftleg rettleiingskontrakt (utdanningsplan) mellom student, rettleiar og instituttet. Undervisning skjer i form av praktisk og teoretisk rettleiing. Masteravtale og retteliingskontrakt skal signerast medio 2. semester. Rettigheiter og plikter er spesifisert i masteravtalen og rettleiingskontrakten.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Halde eit innlegg om eige masterprosjekt for medstudentar og rettleiarar i eit masterseminar ein eller to gonger i løpet av året.

Vurderingsformer

Individuell skriftleg oppgåve (ca. 70 sider) og justerande munnleg. Justerande munnleg eksamen kan justere karakteren på bestått resultat som satt på eit føregåande skriftleg arbeid opp eller ned med ein karakter. Kvar student blir vurdert individuelt.

Innleveringsfrist er vanlegvis medio mai.

Karakterskala

A-F

Emneevaluering

I samband med instituttet sitt kontinuerlege arbeid for å forbetra studiet vert det jamleg organisert studentevaluering av studieopplegg og undervisning, med tilbakemelding til studentane. Evalueringsresultata vil liggje til grunn for revisjonar av studieplanar, pensum og studie-/undervisningsopplegg.

Kontakt