Hjem
Studentsider
Masteremne

Plan for masteroppgave

Hovedinnhold

Studiepoeng, omfang

3 studiepoeng

Studienivå (studiesyklus)

Master

Undervisningssemester

Haust og vår, fjerde til sjette semester

Mål og innhald

I løpet av kurset skal studenten utarbeide ein Prosjektplan. Prosjektplanen er utgangspunkt for masteroppgåva som skal leverast i femte studieår (OD5MAST).

Ved oppstart av kurset skal studenten og rettleiar underteikne og levere ein rettleiarkontrakt/veilederkontrakt.

Vanlegvis vil ein masteroppgåve skrivast med utgangspunkt i anten ein litteraturstudie, kasuistikk, eit klinisk arbeid, ein klinisk studie eller eit laboratorieprosjekt. Det må vurderast om prosjektet må søkje etisk godkjenning (frå REK) og om det inneheld personopplysningar. Det må då registrerast i RETTE ved UiB. Prosjektplanen (ein protokoll) vil normalt vere vedlegg til i ein søknad til REK.

Prosjektplanen skal innehalde ein tidsplan for masteroppgåva, ein beskriving av metodar som skal nyttas for prosjektet og datagrunnlag for oppgåva.

Prosjektplanen skal gi ein bakgrunn for emnet som er valt og ein kort oversikt over litteratur innan området/emnet.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbytte:

Kunnskap:

Studenten skal etter kurset:

  • forstå korleis ein plan for eit forskingsprosjekt legges opp.
  • ha ein forståing for om eit prosjekt krev ein protokoll, til framlegging for etisk komité (REK), eller om ein enklare prosjektskisse med ein tidsramme er tilstrekkeleg.

Ferdigheiter:

Studenten skal:

  • basert på ein idé, kunne setja opp ein plan/skisse for eit forskingsprosjekt.
  • kunne lage eit fornuftig oppsett og disposisjon av ein forskingsprotokoll/prosjektskisse, som kan nyttas i arbeidet med masteroppgåva.

Generell kompetanse:

Studenten skal forstå korleis start av eit forskingsprosjekt legges opp og ha eit grunnlag for eit strukturert arbeid med masteroppgåva.

Krav til forkunnskapar

Gjennomført og bestått tredje semester i studieprogrammet

Studiepoengsreduksjon

OD3PROSJ 3 studiepoeng

Krav til studierett

Integrert masterprogram i odontologi

Arbeids- og undervisningsformer

Seminar ved oppstart av kurset, samt seminar for presentasjon av plan for masteroppgåva. Undervisinga er haldt under overoppsyn av emneansvarleg og rettleiar.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Fjerde semester: Deltaking på akademisk veke, oppstartseminar

Femte semester: Innlevering av Prosjektplan

Sjette semester: Deltaking på akademisk veke, presentasjon av Prosjektplan

Vurderingsformer

Vurdering av innlevert plan for masteroppgåva.

Karakterskala

Bestått/Ikkje bestått

Vurderingssemester

Sjette semester

Litteraturliste

Litteraturlista vil vere klar innan 1. juni for haustsemesteret

Emneevaluering

Undervisninga blir evaluert i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.

Programansvarleg

Programutvalg for odontologiske fag

Emneansvarleg

Professor Stein Atle Lie

Administrativt ansvarleg

Institutt for klinisk odontologi

Eksamensinformasjon