Innføring i astrofysikk
- Studiepoeng10
- UndervisingssemesterHaust
- EmnekodePHYS109
- Talet på semester1
- SpråkNorsk
- Ressursar
Undervisningssemester
Haust
Undervisningsstad
Bergen
Mål og innhald
Mål:
Emnet har som mål å gi studentane ei brei innføring i grunnleggjande astrofysikk.
Emnet skal formidle korleis fysikkens grunnleggjande lover kan nyttast til å forstå og forklare observasjonar av prosessar og fenomen i stjerner, planetar, galaksar og interstellar materie.
Innhald:
Emnet gir ei innføring i generell astrofysikk med spesiell vekt på dei fysiske prosessane som ligg til grunn. Eksempel på tema som vert behandla er: Astrofysiske observasjonar, oppbyggjinga og utstrålinga til sola, planetane og deira atmosfære, månar samt planetære energibudsjett, stjernene sitt liv frå fødsel til supernovaeksplosjonar, Melkevegen, interstellar materie, galaksar og kosmologi.
Læringsutbyte
Studenten skal ved avslutta emne ha fylgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskapar
Studenten
- har brei kunnskap om sentrale tema i astrofysikk
- kjenner til utvalde observasjonsmetodar innan astrofysikk
- har forståing for sentrale prosessar i stjerner, andre himmellekamar og materie i rommet
Ferdigheiter
Studenten
- kan anvende faglig kunnskap i grunnleggjande fysikk og matematikk på enkle problemstillingar og bruke fagleg argumentasjon
- kan gjere greie for relevante faglege metodar og uttrykksform og kan diskutere sentrale teoriar, problemstillingar og løysingar med andre studentar
- kan finne, vurdere og vise til informasjon og fagstoff, gjennomføre ei litteraturstudium av eit valt tema og skrive ein rapport om temaet
Generell kompetanse
Studenten
- har generell kunnskap om den faglege koplinga mellom grunnleggjande fysikk og sentrale tema i astrofysikk
- kan gjere greie for utvalde problemstillingar innan astrofysikk
- kan praktisere grunnleggjande norm for akademisk skriving
Krav til forkunnskapar
Ingen
Krav til studierett
Emnet er opent for alle studentar med ein studierett knytt til Det matematisk-naturvitskaplege fakultet
Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning
Undervisninga gis i form av førelesningar, oppgåvegjennomgåing i plenum, rekneverkstad og prosjektoppgåve
Førelesningar 4 timar per veke
Oppgåvegjennomgåing i plenum 1 time per veke
Rekneverkstad 2 timar per veke
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Godkjend prosjektrapport
Godkjend obligatorisk aktivitet er gyldig i tre påfølgande semester etter godkjenninga.
Vurderingsformer
I emnet nyttar ein følgjande vurderingsformer:
Skriftleg eksamen (4 timar), utgjør 100% av karakteren.
Karakterskala
Ved sensur av emnet nyttast karakterskalaen A-F
Fagleg overlapp
Ingen
Emneevaluering
Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.
Kontakt
Kontaktinformasjon
Studierettleiar kan kontaktast her: studieveileder@ift.uib.no
Eksamensinformasjon
Klokkeslett for oppstart av skoleeksamen kan endre seg fra kl 09.00 til 15.00 eller vice versa inntil 14 dager før eksamen. Eksamenslokale publiseres 14 dager før eksamen. Kandidatene finner sin egen romplassering på Studentweb 3 dager før eksamen.
Vurderingsordning: Skriftleg skuleeksamen
- Dato
- 05.12.2019, 15:00
- Varigheit
- 4 timer
- Trekkfrist
- 21.11.2019
- Sted
- Solheimsgt. 18 (Administrasjonsbygget), Eksamenslokale 3. etg.