Hjem
Utdanning
Masteremne

Analog integrert kretsteknologi

Undervisningssemester

Haust

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Emnet har som mål å gje studentane kunnskapar om modellar og småsignalanalyse for MOS- og bipolare transistorar, design av operasjonsforsterkarar og tilhøyrande krinsar. Det dannar grunnlaget for vidare studium i mikroelektronikk, og er interessant for studentar i tilgrensande fag.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha fylgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar

Studenten

  • kan forklare og bruke transistormodellar som er eigna til sub-mikrometer integrerte krinsar.
  • kan greie ut om relevante støymodellar.
  • kjenner til kortkanaleffektar og andre viktige eigenskaper ved transistorar på nanometerskala.
  • har god oversikt over eigenskapane til dei elementære byggjeblokkene for analog integrert krinsdesign

 

Ferdigheiter

Studenten

  • kan konstruere, gjere berekningar for og simulere elementære byggjeblokker for analog integrert krinsdesign.
  • kan foreta frekvensanalyse ved hjelp pol-nullpunktsanalyse og bode-plott på byggjeblokk- og systemnivå.
  • kan designe, berekne, optimalisere og verifisere/simulere ein to-trinns forsterkar med Miller-kompensering og ein folda kaskode-forsterkar med aktiv last.
  • skal kunne gjennomføre støyvurdering av krinsar.

Genererell kompetanse

  • Gjennom prosjektarbeidet får studenten øving i bruk av moderne dataverktøy for design av mikroelektronikk
  • Studenten får erfaring med å leggje fram resultata sine for medstudentar

 

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

ELE100 og ELE101 (HiB) eller tilsvarende.

Krav til studierett

For oppstart på emnet er det krav om ein studierett knytt til Det matematisk-naturvitskaplege fakultet, samt at du oppfyller ev opptakskrav

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Laboratorieøvelser og prosjektoppgave. Gyldighet av obligatoriske laboratorieøvinger for emnet er 4 semester.

Vurderingsformer

I emnet nyttar ein følgjande vurderingsformer:
  • Muntleg eksamen (ca 40 minutter) utgjer 100 % av karakteren.

Karakterskala

Ved sensur av emnet vert karakterskalaen A-F nytta.

Fagleg overlapp

Ingen

Vurderingssemester

Det er ordinær eksamen kvart semester

Emneevaluering

Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.

Kontakt

Kontaktinformasjon

studieveileder@ift.uib.no

Eksamensinformasjon