Demokratiassistanse og demokratisering
- Studiepoeng15
- UndervisingssemesterHaust
- EmnekodeSAMPOL606
- Talet på semester1
- SpråkNorsk og engelsk
- Ressursar
Hovedinnhold
Studiepoeng, omfang
15
Studienivå (studiesyklus)
Etter- og vidareutdanning, høgare grad
Undervisningssemester
Haust
Mål og innhald
Studenten skal gjennom kurset tileigne seg teoretisk og empirisk kunnskap og tilnærmingsmåtar til emnet demokratiassistanse og demokratisering.
Fokuset for emnet er tredelt. Først går emnet inn på demokratisering der ein ser nærare på statsteori, demokratiteori og transisjonsteori. I andre del ser emnet nærare på demokratibistand. Her studerer ein korleis det internasjonale samfunnet (IGO/NGO) kan bidra til å utvikle demokrati i statar som gjennomgår ein transisjonsprosess. Tredje del av emnet ser på kva som skjer når etablerte demokrati bygger ned demokratiet med demokratiske midlle. Emnet set søkjelys på og kontekstualiserer desse tre tema ved hjelp av empiriske studiar av ulike land og regionar.
Tema som tas opp:
- Statsteori
- Demokratiteori
- Transisjonsteori:
- Den tredje demokratiseringsbølgja
- Ulike former for demokratiassistanse retta mot sivilsamfunn, parti og statsapparat
- Demokratisering og demokratiassistanse i forskjellige deler av verden
- Demokratisk tilbakegang ("backsliding") og autokratisering
- Tidsaktuelle case-studier
Læringsutbyte
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskap
Studenten
- har inngåande kunnskap om teoriar knytt til stat, demokrati og transisjon og demokratisk tilbakegang.
Ferdigheter
Studenten
- kan analysere demokratibistand gjennom å vise til empiriske, samanliknande studiar av ulike land og regionar og arbeide sjølvstendig med praktisk og teoretisk problemløysing.
Generell kompetanse
Studenten
- kan analysere og forholda seg kritisk til korleis det internasjonale samfunn og frivillige organisasjonar kan bidra til å utvikle demokrati i statar som gjennomgår ein transisjonsprosess samt identifisere når det motsette kan være tilfellet.
Krav til forkunnskapar
Bachelorgrad eller tilsvarande
Krav til studierett
Kurset er opent for studentar som fyller krava til forkunnskapar.
Arbeids- og undervisningsformer
Emnet vektlegg ulike undervisningsformar som førelesingar, gruppearbeid, diskusjonar og rettleia heimeoppgåver. Alle førelesingane blir streamet live via Zoom. I tillegg blir alle førelesingene tatt opp, redigert og publisert så fort det lar seg gjere etter kvar kurshelg.
42 timar totalt
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Ingen
Vurderingsformer
Eksamen er ein skriftleg eksamen i form av ein heimeeksamen som ikkje skal overskride 4500 ord. Innleveringsfristen er ein månad/ 4 veker. Til eksamen blir det både lagt vekt på å vurdere kandidatens teoretiske kunnskap med omsyn til demokratisering, demokratisk tilbakegang og demokratiassistanse, men også på praktiske vurderingar i planlegginga av demokratiassistansetiltak.
Karakterskala
Karakterskala A-F
Vurderingssemester
Haust
Litteraturliste
Litteraturlista vil vere klar innan 01.06. for haustsemesteret og 01.12. for vårsemesteret.
Emneevaluering
Alle emne blir evaluert i tråd med UiBs kvalitetssystem for utdanning.
Programansvarleg
Programrådet har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.
Emneansvarleg
Emneansvarleg og administrativ kontaktperson finn du i Mitt UiB.
Administrativt ansvarleg
Det samfunnsvitskaplege fakultet ved Institutt for samanlikande politikk har det administrative ansvaret for emnet.
Kontakt
UiB Videre
Tlf 55 58 20 40, post@videre.uib.no