Hjem
Studentsider
Laveregradsemne

Makt: uttrykk og tilsløring

Hovedinnhold

Studiepoeng, omfang

15 studiepoeng

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Haust 

Undervisningsstad

UiB

Mål og innhald

I sosialantropologien er det sentralt å forstå korleis makttilhøve gjennomsyrar sosialt liv og pregar fordelinga av sosiale, kulturelle og økonomiske privilegium i samfunn. Dette emnet handsamar politiske prosessar i sosialt liv med vekt på viktige sosialantropologiske omgrep og perspektiv for analysar av makt, legitimitet, motstand, hegemoni og diskurs. Tydinga av desse omgrepa og perspektiva vert utdjupa ved hjelp av studiefelt der sosialantropologar gjev viktige forskingsmessige bidrag til forståinga av maktforhold. Døme på slike studiefelt er etnisitet, nasjonalisme, identitetspolitikk, staten, organisert vald og konflikt, internasjonal migrasjon, minoritetspolitikk, politiske og sosiale rørsler, og globalisering. Emnet siktar imot å utvikle studenten sine evner til å kjenne at makt, legitimitet og motstand i kvardagslege sosiale relasjonar og sosiale og politiske strukturar som er tekne for gjevne slik at desse kan gjerast til objekt for kritisk analyse.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap

  • kunne gje ein oversikt over sentrale debattar i sosialantropologiske studiar av makt og feltet politisk antropologi
  • kunne gjere greie for ulike måtar makt kjem til uttrykk på i ein rekke typar samfunn og sosiale relasjonar

Ferdigheiter

  • kunne anvende sentrale omgrep og perspektiv i det antropologiske studiet av makt i eit sjølvstendig skriftleg arbeid
  • kunne diskutere på kva måtar maktforhold gjennomsyrer sosialt liv og preger fordeling av sosiale, kulturelle og økonomiske ressurser

Generell kompetanse

  • kunne anvende sosialantropologiske omgrep og perspektiv i forståelsen av makt og feltet politisk antropologi
  • kjenne til hovudtrekka i kvalitativ metode og kan reflektere over desse
  • kunne lese og skrive akademiske tekstar innanfor fagspesifikke sjangrar

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

SANT100, SANT150

Studiepoengsreduksjon

-

Krav til studierett

Emnet er ope for studentar ved UiB.

Arbeids- og undervisningsformer

Førelesingar, litteraturseminar, etnografisk film og kommentarar til arbeid med skriftlege oppgåver.

3-4 timer førelesing pr veke

7-8 veker, ca. 26 timer førelesning

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Oppgåveinnlevering undervegs på 1500 ord (+/- 10 prosent). Oppgåva må vere godkjend for å kunne gå opp til eksamen. Godkjend oppgåve er gyldig inneverande og påfølgjande semester.

Vurderingsformer

8 timers skuleeksamen

Hjelpemiddel til eksamen

Ingen

Karakterskala

A-F

Vurderingssemester

Eksamen vert tilbydd i undervisningssemesteret og påfølgande semester (ordinær eksamen for studentar med gyldig godkjent obligatorisk undervisningsaktivitet).

Litteraturliste

Litteraturlista vil vere klar innan 01.06. for haustsemesteret og  01.12. for vårsemesteret.

Emneevaluering

Alle emne blir evaluert i tråd med UiBs kvalitetssystem for utdanning.

Programansvarleg

Programrådet har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.  

Emneansvarleg

Emneansvarleg og administrativ kontaktperson finn du i Mitt UiB.  

Administrativt ansvarleg

Det samfunnsvitskaplege fakultet ved Institutt for sosialantropologi har det administrative ansvaret for emnet.  

Kontakt

E-post: Studieveileder@sosantr.uib.no

Telefon: 55 58 92 50 / 55 58 94 51

Eksamensinformasjon

  • Vurderingsordning: Heimeeksamen

    Oppgave utleveres
    13.12.2021, 09:00
    Innleveringsfrist
    17.12.2021, 14:00
    Trekkfrist
    29.11.2021
    Eksamenssystem
    Inspera
    Digital eksamen