Examen facultatum - invitasjon til sosiologi med fordjupingstema
- Studiepoeng20
- UndervisingssemesterHaust
- EmnekodeSOS100A
- Talet på semester1
- SpråkNorsk
- Ressursar
Hovedinnhold
Studiepoeng, omfang
20
Studienivå (studiesyklus)
Bachelor
Undervisningssemester
Haust
Mål og innhald
Mål:
Emnet er eit innføringsemne-emne. Det har som mål å førebu studentane på å studere sosiologi. Dei skal bli kjende med hovudliner i tenkjemåtane og praksisen som kjenneteiknar faget og få ei grunnleggande forståing av sosiologiske tilnærmingar til sosiale problem og endringsprosessar. Emnet skal gje dei kunnskap om sentrale sosiologiske tema, og eit inntrykk av korleis og på kva felt faget blir brukt i praksis. Emnet skal vise kva relevans sosiologien har for vurdering av aktuelle samfunnsspørsmål og vere ei første førebuing til deltaking i diskusjon og gransking av slike spørsmål.
Emnet skal òg formidle forståing for kor viktig grundig og kritisk lesing av faglitteratur er, gjere studentane kjende med regler for akademisk skriving, og gje dei høve til å utvikle eigne ferdigheter i akademisk skriving.
Innhald:
Studiet tar opp sentrale sosiologiske omgrep og kastar lys over grunntrekk ved sosiale fellesskap, frå smågrupper til storsamfunn. Ein tar for seg tema som sosiologifagets historie, sosial endring, globalisering, organiseringa av kvardagslivet, og forskjellige former for sosial ulikskap. Studiet viser òg korleis slike tema kan sjåast frå ulike synsstader. Dessutan tar det for seg samfunnsområde som økonomi og arbeidsliv, politikk og velferdsstat, utdanning, religion og familie. Med bakgrunn i grunnleggande kunnskap om desse omgrepa og temaa går ein særskilt grundig inn på tema som det blir eller har blitt forska på ved Sosiologisk institutt. Kva tema som blir tatt opp vil kunne variere. Det kan til dømes vere sosial endring, globalisering, migrasjon, miljøproblem, avvik og kriminalitet, forskjellige former for sosial ulikhet, økonomi og arbeidsliv, velferdspolitikk og velferdsstat, livsløp, utdanning eller familie. Desse temaa blir i stor grad presentert med hjelp av originaltekster som viser korleis anerkjente sosiologar har skrive om dei. Studentane skal sjølv velje minst ein blant fleire mogelege slike tekstar/bøker og skrive eit essay med utgangspunkt i den eller dei tekstene dei har valt.
Læringsutbyte
En student som har fullført emnet skal ha følgende totale læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheter og generell kompetanse:
Kunnskap
Studenten kan gjere greie for
- grunnleggjande kunnskap om sosiologiske perspektiv på samfunnet
- sentrale omgrep som til dømes sosialisering og institusjonalisering
- og drøfte sosiologiske perspektiv på tema som sosial endring og sosial ulikskap ut frå tilnærmingar dei blir kjende med i studiet
- utvalde emne innan aktuell forsking og utvalde aktuelle forskingsproblem
- korleis sosiologisk kunnskap blir brukt i samfunnet og kva sosiologar jobbar med
Ferdigheiter
Studenten kan
- svare på problemstillingar på ein analytisk og drøftande måte med grunnlag i vitskaplege tekster
- skrive med korrekt kjeldebruk
- omarbeide eigne tekster etter sjølv å ha fått kommentarar
- presentere fagleg baserte argument i ein munnleg diskusjon
- kommentere faglege arbeid andre har gjort på konstruktivt vis
Generell kompetanse
Studenten har
- forståing og respekt for akademisk skrivearbeid og vitskapleg tenkjemåte
- grunnleggjande ferdigheter til å skaffe seg ny sosiologisk fagkunnskap
- forståing for kor viktig det er at ulike faglige synspunkt kjem fram og blir debattert
- erfaring i å samarbeide med andre om å drøfte faglige problemstillingar (kompetanse i gruppearbeid)
- kopetanse til å bruke ulike teoretiske tilnærmingar og omgrep for å forstå og diskutere konkret samfunnsliv
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
Ingen
Studiepoengsreduksjon
- SOS100 (10 sp)
- SOS100B (10 sp)
Krav til studierett
Emnet er ope for alle studentar ved UiB
Arbeids- og undervisningsformer
Førelesingar 28-32 timer
Seminar og gruppearbeid 30-34 timer
Obligatorisk undervisningsaktivitet
- Tre leserapporter/samandrag på om lag 500-1000 ord.
- Obligatorisk innlevering av oppgåve (2000 ord, +/- 10%). Oppgåva vil få kommentarar og må vere godkjent før studenten kan framstille seg for skuleeksamen i emnet.
Godkjente obligatoriske arbeidskrav er gyldige i det aktuelle eksamenssemesteret samt det påfølgjande eksamenssemesteret.
Vurderingsformer
I emnet nyttar ein følgjande vurderingsformer:
Mappeeksamen:
- 4 timars skuleeksamen (sjå under)
- Oppgåve etter oppgitt tema (2000 ord, +/- 10%)
Skoleeksamen og oppgåve tel likt i fastsettinga av karakteren. Det blir gitt éin samla karakter basert på skoleeksamen og oppgåve (ikkje delkarakterar).
Oppdatert: Mappeelementet skuleeksamen er endra til 8 timar heimeeksamen som del av tiltak for å hindre spreiing av koronviruset.
Hjelpemiddel til eksamen
Skoleeksamen: ingen
Essay: alle
Karakterskala
A-F
Vurderingssemester
Oppgåve vert berre tilbydd i undervisningssemesteret. Ny skuleeksamen påfølgande semester berre for studentar med rett til ny vurdering.
Litteraturliste
Litteraturlista vil vere klar innan 01.06. for haustsemesteret og 01.12. for vårsemesteret.
Emneevaluering
Alle emne blir evaluert i tråd med UiBs kvalitetssystem for utdanning.
Programansvarleg
Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.
Emneansvarleg
Emneansvarleg og administrativ kontaktperson finn du i Mitt UiB
Administrativt ansvarleg
Det samfunnsvitskaplege fakultet ved Sosiologisk. institutt har det administrative ansvaret for emnet.
Kontakt
Eksamensinformasjon
Vurderingsordning: Essay og heimeeksamen (Ny eksamen)
- Innleveringsfrist
- 24.02.2022, 09:00
- Trekkfrist
- 10.02.2022
- Eksamenssystem
- Inspera
- Digital eksamen
Eksamensdel: Heimeeksamen
- Oppgave utleveres
- 24.02.2022, 09:00
- Innleveringsfrist
- 24.02.2022, 17:00
- Eksamenssystem
- Inspera
- Digital eksamen