Hjem

Utdanning

Laveregradsemne

Latinamerikansk litteratur I

Studiepoeng, omfang

10

Studienivå (studiesyklus)

 Bachelor

Fulltid/deltid

Ikkje relevant

Undervisningssemester

 Vår

Undervisningsstad

 Bergen

Mål og innhald

 Emnet gjev kunnskapar om sentrale delar av moderne spanskspråkleg litteratur, med hovudvekt på tendensar i latinamerikansk og spansk litteratur.

Studentane skal arbeida med eit representativt utval tekstar, sjangrar og epokar, og utvikla ei analytisk forståing for eigenarten ved tekstane. Studiet skal gjeva innsyn i sentrale tema og problemstillingar innan latinamerikansk og spansk litteratur, og studentane skal utvikla evne til å analysera fagstoff og trekkja eigne slutningar.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap:

Studenten

  • har kunnskap om representative tekstar, sjangrar og straumdrag innan moderne spanskamerikansk litteratur.
  • har tileigna seg grunnleggjande tekstanalyse.

Ferdigheiter:

Studenten

  • kan lesa og tolka moderne litterære verk på spansk
  • kan uttrykkja seg skriftleg og munnleg på spansk, både om litteraturfaglege emne og meir ålment

Generell kompetanse:

Studenten

  • kan analysera fagstoff og trekkja eigne slutningar.
  • kan vidareutvikle kunnskap, dugleik og forståing gjennom vidare studium og yrkesliv.

Krav til forkunnskapar

 Ingen formelle krav, men all undervisninga skjer på spansk og føreset gode spanskkunnskapar.

Tilrådde forkunnskapar

 Spansk innføringskurs eller spanskkunnskapar på språknivå 2 frå vidaregåande skule.

Studiepoengsreduksjon

På grunn av fagleg overlapp vert studiepoengutteljinga for SPLA108 redusert med 10 studiepoeng om det vert kombinert med SPLA102 eller med SLAN614.

Krav til studierett

 Emnet er ope for alle med studierett ved UiB.

Arbeids- og undervisningsformer

 Hovuddelen av undervisninga er førelesingar, der pensumtekstane vert kommenterte og analyserte. Det vert lagt vekt på både litteraturhistorisk kontekst og på formelle og tematiske kvalitetar ved tekstane. Det vert dessutan arbeidd i mindre grupper med språk, innhald og kommentar av utvalde tekstar.

Det vert førelesingar fire timar i veka i ti veker. Det vert lagt opp til gruppearbeid med fokus på tekstanalyse og munnleg og skriftleg dugleik, så langt ressursane tillét det.

Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne, kan undervisningstilbodet bli tilpassa studenttalet. Studentane vil i så fall bli informerte om det alternative undervisningsopplegget ved semesterstart og før semesterregistreringsfristen 1. februar/1. september.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Det er to obligatoriske oppgåver: eit kort skriftleg samandrag av ein litterær tekst og ei munnleg innleiing til ein tekstkommentar. Desse må utførast innan fristen for desse aktivitetane. Oppgåva blir vurdert til godkjend/ikkje godkjend.

I samsvar med UiB sitt grads- og studiereglement har studentane høve til å få eit nytt forsøk per oppgåve, om ei eller fleire av dei ikkje vart godkjende ved fyrste innlevering. Begge dei to oppgåvene må vera godkjende før ein kan gå opp til endeleg vurdering i emnet.

Godkjenninga av obligatoriske arbeidskrav er gyldig i undervisningssemesteret og semesteret etter.

Vurderingsformer

 Vurderinga skjer på grunnlag av ein munnleg eksamen. På den munnlege eksamenen skal studenten halda ein presentasjon på 10-12 minuttar over eit tema som vert gjeve av faglærar ei veke før eksamen. I etterkant av presentasjonen vil studenten bli eksaminert i eit anna emne frå pensum. Karakteren vert sett på grunnlag av både presentasjonen og samtalen i etterkant. Eksamensspråket er spansk.

Hjelpemiddel til eksamen

Studentane kan nytta eittspråkleg og tospråkleg (t.d. norsk-spansk/spansk-norsk) ordbok godkjend av instituttet på eksamensdagen. Studentane må sjølve ta med ordbøker til eksamen, og halda seg orienterte om og retta seg etter reglane som gjeld for kontroll av ordbøkene.

Karakterskala

Det vert nytta gradert karakterskala frå A til F, der F er stryk.

Vurderingssemester

Vår. Der er òg vurdering tidleg i haustsemesteret for studentar med gyldig godkjenning av obligatoriske arbeidskrav.

Litteraturliste

 Pensum (om lag 400 sider) er sett saman av eit utval litterære tekstar (romanar, drama, noveller og dikt), i hovudsak henta frå spanskamerikansk samtidslitteratur. I tillegg kjem eit litteraturhistorisk referanseverk eller litteraturhistorisk oversyn henta frå antologi. Pensumutvalet tek sikte på nokolunde lik fordeling mellom kvinnelege og mannlege forfattarar.

Litteraturlista vil vere klar innan 01.06. for haustsemesteret og 01.12. for vårsemesteret.

Emneevaluering

Emneevalueringar vert gjennomførte i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.

Programansvarleg

Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.

Emneansvarleg

Programstyret for spansk språk og latinamerikastudium.

Administrativt ansvarleg

Det humanistiske fakultet ved institutt for framandspråk har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.

Kontakt

Kontaktinformasjon

Studierettleiar: studierettleiar@if.uib.no
Eksamensadministrasjon: eksamen@if.uib.no

Eksamensinformasjon

  • Vurderingsordning: Munnleg eksamen