Hjem
Utdanning
Laveregradsemne

Latinamerikansk litteratur II

Studiepoeng, omfang

10

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Fulltid/deltid

Ikkje relevant

Undervisningssemester

Haust

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

 Emnet gjev kunnskapar om sentrale delar av moderne spanskspråkleg litteratur, med hovudvekt på tendensar i latinamerikansk samtidslitteratur.

Studentane skal arbeida med eit representativt utval tekstar, sjangrar og epokar, og utvikla ei analytisk forståing for eigenarten ved tekstane. Studiet skal gjeva innsyn i sentrale tema og problemstillingar innan latinamerikansk og spansk litteratur, og studentane skal utvikla evne til å analysera fagstoff og trekkja eigne slutningar.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:  

Kunnskap:

Studenten

  • har auka kunnskap om representative tekstar, sjangrar og straumdrag innan moderne spanskamerikansk litteratur.

Ferdigheiter:

Studenten

  • har vidareutvikla grunnleggjande tekstanalyse og evne til å lesa og tolka moderne litterære verk på spansk.
  • har vidareutvikla evne til å uttrykkja seg skriftleg og munnleg på spansk, både om litteraturfaglege emne og meir ålment.

Generell kompetanse:

Studenten

  • kan analysere fagstoff og trekkja eigne slutningar.
  • kan demonstrere kunnskap og evne til fagleg drøfting i mindre skriftlige arbeid på eit klart og korrekt spansk språk.
  • kan vidareutvikle kunnskap, dugleik og forståing gjennom vidare studium og yrkesliv.

Krav til forkunnskapar

Ingen formelle krav, men all undervisning skjer på spansk og føreset gode spanskkunnskapar.

Tilrådde forkunnskapar

Spansk innføringskurs eller kunnskapar tilsvarande Spansk nivå II frå vidaregåande skule. Det er ein føremon å ha gjennomført SPLA108.

Studiepoengsreduksjon

På grunn av fagleg overlapp vert studiepoenguttellinga for SPLA118 redusert med 5 studiepoeng om det vert kombinert med SPLA102 eller med SLAN614.

Krav til studierett

Emnet er ope for alle med studierett ved UiB.

Arbeids- og undervisningsformer

 Hovuddelen av undervisninga er førelesingar, der pensumtekstane vert kommenterte og analyserte. Det vert lagt vekt på både litteraturhistorisk kontekst og på formelle og tematiske kvalitetar ved tekstane. Det vert dessutan arbeidd i mindre grupper med språk, innhald og kommentar av utvalde tekstar.

Det vert førelesingar fire timar i veka i ti veker. Det vert lagt opp til gruppearbeid med fokus på tekstanalyse og skrivedugleik, så langt ressursane tillét det.

Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne, kan undervisningstilbodet bli tilpassa studenttalet. Studentane vil i så fall bli informerte om det alternative undervisningsopplegget ved semesterstart og før semesterregistreringsfristen 1. februar/1. september.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

 Det er ei obligatoriske oppgåve: ein tekstkommentar. Denne må utførast innan fristen for aktiviteten. Oppgåva blir vurdert til godkjent/ikkje godkjent.

I samsvar med UiB sitt grads- og studiereglement har studentane høve til å få eit nytt forsøk per oppgåve, om ei eller fleire av dei ikkje vart godkjende ved fyrste innlevering. Oppgåva må vera godkjend før ein kan gå opp til endeleg vurdering i emnet.

Godkjenninga av obligatoriske arbeidskrav er gyldig i undervisningssemesteret og semesteret etter.

Vurderingsformer

Vurderingsforma i emnet er ein 4-timars skuleeksamen som vert skriven på spansk. Karakteren vert sett på grunnlag av både innhald og språk. Eksamen er digital.

Hjelpemiddel til eksamen

Studentane kan nytta eitt-språkleg og to-språkleg (t.d. norsk-spansk/spansk-norsk) ordbok godkjend av instituttet på eksamensdagen. Studentane må sjølve ta med ordbøker til eksamen, og halda seg orienterte om og retta seg etter reglane som gjeld for kontroll av ordbøkene.

Karakterskala

Det vert nytta gradert karakterskala frå A til F, der F er stryk.

Vurderingssemester

Haust. Der er òg vurdering tidleg i vårsemesteret for studentar med gyldig godkjenning av obligatoriske arbeidskrav.

Litteraturliste

 Pensum (om lag 500 sider) er sett saman av litterære tekstar (romanar, drama, noveller og dikt), i hovudsak henta frå spanskamerikansk samtidslitteratur. I tillegg kjem eit litteraturhistorisk referanseverk eller litteraturhistorisk oversyn henta frå antologi. Pensumutvalet tek sikte på nokolunde lik fordeling mellom kvinnelege og mannlege forfattarar.

Litteraturlista vil vere klar innan 01.06. for haustsemesteret og 01.12. for vårsemesteret.

Emneevaluering

Emneevalueringar vert gjennomførte i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.

Programansvarleg

Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.

Emneansvarleg

Programstyret for spansk språk og latinamerikastudium.

Administrativt ansvarleg

Institutt for framandspråk

Kontakt

Kontaktinformasjon

Studierettleiar: studierettleiar@if.uib.no
Eksamensadministrasjon: eksamen@if.uib.no

Eksamensinformasjon

  • Klokkeslett for oppstart av skoleeksamen kan endre seg fra kl 09.00 til 15.00 eller vice versa inntil 14 dager før eksamen. Eksamenslokale publiseres 14 dager før eksamen. Kandidatene finner sin egen romplassering på Studentweb 3 dager før eksamen.

  • Vurderingsordning: Skriftleg skoleeksamen

    Dato
    14.11.2019, 15:00
    Varigheit
    4 timer
    Trekkfrist
    31.10.2019
    Eksamenssystem
    Inspera
    Digital eksamen