Hjem

Utdanning

Masteremne

Teori og metode i latinamerikansk litteraturvitskap

Studiepoeng, omfang

10

Studienivå (studiesyklus)

Master 

Undervisningssemester

Haust 

Undervisningsstad

Bergen 

Mål og innhald

Mål:
SPLA312 er eit innføringsemne på 10 studiepoeng i litterær teori og metode med relevans for studiet av latinamerikansk litteratur. Emnet har som mål å gje kunnskapar om og innsyn i teoretiske problemfelt som vedkjem latinamerikansk litteratur og kultur.

 

Innhald:
Det blir gjeve ei innføring i litteraturteoretiske grunnlagsproblem og arbeidd med eit utval moderne litteraturteoretiske retningar.

Læringsutbyte

Etter fullført emne har studenten følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, kompetanse og generell kompetanse:

Kunnskapar

Studenten har

  • kjennskap til sentrale problemstillingar innan litteraturteori med relevans for studiet av moderne latinamerikansk litteratur

Kompetanse

Studenten har

  • evne til å analysere litterære tekstar på grunnlag av moderne teori og metode
  • evne til å presentere og diskutere ulike litteraturteoretiske problemstillingar på spansk

Generell kompetanse

Studenten har

  • eit kritisk og reflektert syn på litterær teori og metode

Krav til forkunnskapar

Ingen formelle krav, men all undervisning skjer på spansk og føreset solide spanskkunnskapar.

Tilrådde forkunnskapar

Ikkje relevant

Studiepoengsreduksjon

Ingen

Krav til studierett

Emnet er ope for studentar med opptak til masterprogrammet i spansk og latinamerikastudium.

Arbeids- og undervisningsformer

Undervisningsform er seminar/førelesingar på til saman 24 timar, to timar per veke i 12 veker eller som blokkundervisning, der det er ein føresetnad at studentane deltek aktivt gjennom semesteret.

Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne, kan undervisningstilbodet bli tilpassa studenttalet. Studentane vil i så fall bli informerte om det alternative undervisningsopplegget ved semesterstart og før semesterregistreringsfristen 1. februar/1. september.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Innanfor undervisningsperioden skal studentane halde minimum ein munnleg presentasjon relatert til pensum. Val av tema skjer i samråd med faglærar, og målet er at studentane skal få øving både i å presentere og i å bruke utvalde teoriar på litterært tekstmateriale.

Arbeidskrava må vere godkjende av faglærar før studentane kan gå opp til endeleg eksamen.

Godkjenning av obligatoriske arbeidskrav er gyldig i undervisningssemesteret og semesteret etter.

Vurderingsformer

Vurderinga skjer på grunnlag av ein munnleg eksamen. På den munnlege eksamenen skal studenten først halde ein presentasjon på om lag 20 minuttar om eit tema som blir gitt av faglærar 14 dagar før eksamen.

I etterkant av presentasjonen vil studenten og sensorane samtale om innhaldet i presentasjonen og eventuelt andre relevante tema knytte til dette. Karakteren blir sett på grunnlag av både presentasjonen og samtalen i etterkant.

Hjelpemiddel til eksamen

Ingen

Karakterskala

Det blir nytta gradert karakterskala frå A til F, der F er stryk.

Vurderingssemester

Haust.

Der er òg vurdering tidleg i vårsemesteret for studentar med gyldig godkjenning av obligatoriske arbeidskrav.

Litteraturliste

Eit pensum på 350-400 sider inneheld litteraturteori og eit mindre utval litterære tekstar for å vise praktisk bruk av teori og metode.

Studentane skal som hovudregel leggje opp det pensumet som ligg til grunn for undervisinga det gjeldande semesteret. Alternative pensum kan godkjennast etter grunngjeven søknad til fagmiljøet.

Litteraturlista skal liggja føre innan 01.06. for haustsemesteret og 01.12. for vårsemesteret.

Emneevaluering

Emneevalueringar blir gjennomførte i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.

Programansvarleg

Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.

Emneansvarleg

Programstyret for spansk og latinamerikastudium.

Administrativt ansvarleg

Det humanistiske fakultet ved Institutt for framandspråk har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.

Kontakt

Kontaktinformasjon

Studierettleiar: studierettleiar@if.uib.no
Eksamensadministrasjon: eksamen@if.uib.no

Eksamensinformasjon

  • Vurderingsordning: Munnleg eksamen

    Dato
    07.03.2019, 09:00
    Varigheit
    1 timer
    Trekkfrist
    21.02.2019
    Eksamenssystem
    Inspera
    Digital eksamen