Home
Student Pages
erasmus+

University of Manchester and Faculty of Law (ERASMUS+)

  • CountryUnited Kingdom
  • TownManchester
  • Number of exchange places8
  • Study levelBachelor og Master
  • Exchange programmeErasmus+
  • Exchange duration1 semester

Main content

Om lærestaden

About the institution and the city

Victoria University of Manchester og Manchester Institute of Science and Technology slo seg i 2004 saman til University of Manchester, men universitetet har røter tilbake til 1824. University of Manchester er i dag det største universitetet i Storbritannia med nær 40 000 studentar frå 160 land. Universitetet ligg sør i Manchester og består av to campusar som ligg nær kvarandre. 25 vinnarar av Nobelprisen har vore studentar eller tilsette ved University of Manchester, mellom anna Niels Bohr og Arthur Lewis.

Manchester er ein by i Nordvest-England, og har over ein halv million innbyggarar, medan Stor-Manchester har heile 2,5 millionar innbyggarar. Byen var ein av dei leiande byane under den industrielle revolusjon, og er i dag blant anna kjend som ein medieby. Manchester har òg eit rikt musikkmiljø. Byen har to symfoniorkester og eit kammerorkester, og har fostra band som Joy Division, Oasis og The Smiths.

Accommodation

Universitetet har fleire studentbustadar med til saman meir enn 8000 rom for studentar i 20 Halls of residence, i nærleiken av campusane. Det er bustadsgaranti for enkelte grupper av studentar, mellom anna utvekslingsstudentar som kjem for eit heilt akademisk år.

Semester duration

September-januar og februar-juni.

Information