Home
Student Pages
erasmus+

University of Limerick and Department of Archaeology, History, Cultural Studies and Religion (ERASMUS+)

  • CountryIreland
  • TownLimerick
  • Number of exchange places4
  • Study levelBachelor
  • Exchange programmeErasmus+
  • Exchange duration1-2 semester

Main content

Om lærestaden

About the institution and the city

University of Limerick fekk status som universitet i 1989, som det første etter at Irland blei ein sjølvstendig republikk i 1922. I dag har universitetet 17 000 studentar, fordelte på fire fakultet. Universitetet heiter Ollscoil Luimnigh på irsk. Det ligg fem kilometer utanfor Limerick sentrum, like ved Shannon, Irland si lengste elv. På campus ligg den største innandørs idrettsarenaen i Irland, samt den største kunstgrasbana i Europa. Universitetet krev at alle studentar på lågare grad har 8 månadar med utplassering i arbeidslivet som ein del av graden sin.

Limerick er den tredje største byen i Irland med rundt 100 000 innbyggarar. Han ligg inne i landet, på vestkysten av øya. Dei lærde stridast om det er her verseforma limerick har fått namnet sitt frå.

Accommodation

Det finst studentbustader på campus som ein kan søke gjennom kontakt med universitetet sitt internasjonale kontor. Universitetet kan òg hjelpe dei som ønsker å finne bustad frå den private marknaden.

MERK: I Irland har det vore store utfordringar knytt til bustad for utvekslingsstudentar dei siste åra. Universiteta i dei fleste byane melder om stort press på bustadsmarknaden, og det er vanskelegare å få bustad gjennom universiteta.

Semester duration

September - januar og februar - mai.

Information