Home
Student Pages
erasmus+

University of Groningen and Department of Archaeology, History, Cultural Studies and Religion (ERASMUS+ - Historie)

  • CountryNetherlands
  • TownGroningen
  • Number of exchange places2
  • Study levelBachelor
  • Exchange programmeErasmus+
  • Exchange duration1 semester

Main content

Om lærestaden

About the institution and the city

Rijksuniversiteit Gröningen blei grunnlagt i 1614 og har i dag ni fakultet, 27 forskingssentre og om lag 27 800 studentar. Naturvitskapane har tradisjonelt vore viktige satsingsområde for universitetet, som har sterke forskingsmiljø blant anna innan berekraftig samfunnsutvikling, kjemi, økologi, materialvitskap og astronomi. Universitetet var òg det første i Nederland til å ta opp kvinnelege studentar.

Som provinshovudstad og sentrumsby for det nordlege Nederland har Gröningen eit rikt og variert kulturtilbod. Byen har rundt 190 000 innbyggarar. Over halvparten av desse er under 35 år. Sykkelen er desidert det mest populære framkomstmiddelet blant dei fastbuande.

Accommodation

Universitetet samarbeider med andre utdanningsinstitusjonar i regionen om ei eiga bustadformidlingsteneste for internasjonale studentar. Kapasiteten er god, og det finst både enkeltrom og dobbeltrom på studentheimar ulike stader i byen. Ein kan òg få hjelp til å finne bustad privat.

MERK: I Nederland har det vore store utfordringar knytta til bustad for utvekslingsstudentar dei siste åra. Universiteta i dei fleste byane melder om stort press på bustadmarknaden, og det er vanskelegare å få bustad gjennom universiteta.

Semester duration

Det akademiske året er delt i fire kvartal, mellom september - oktober, november - januar, februar - april og april - juni.

Par på sykkel
Photo:
© Rijksuniversiteit Groningen

Information