Home
Student Pages
erasmus+uk

University of Durham and Department of Archaeology, History, Cultural Studies and Religion (ERASMUS+UK)

  • CountryUnited Kingdom
  • TownDurham
  • Number of exchange places2
  • Study levelBachelor
  • Exchange programmeErasmus+uk

Main content

Om lærestaden

About the institution and the city

Durham University blei grunnlagt i 1832. Det er eit kollegieuniversitet, der dei ulike kollegia har relativt høg grad av sjølvstyre. Det er eit at dei gamle britiske prestisjeuniversiteta og hevdar å vere det tredje eldste i England, etter Cambridge og Oxford. Det har heile 63 verna bygningar, blant anna eit tusen år gamalt slott og eit Art Deco-kapell frå 1930-talet. Alle studentar ved universitetet høyrer til eit kollegium. Desse har eigne fasilitetar som bibliotek, tennisbanar og datarom, særeigne tradisjonar, og sterke interne fellesskap.

Durham ligg nordaust i England, om lag 25 kilometer nordaust for Newcastle. Her bur det i underkant av 90 000 innbyggarar. I tillegg til universitetet, er byen kjend for ein romansk katedral frå 1093 og eit normansk slott, som begge er på UNESCO si verdsarvliste.

Accommodation

Universitetet har eit avgrensa tal studentbustader. Studentar som kjem for å studere frå oktober - mars eller eit heilt år (oktober - juni) må difor sjølve finne bustad på den private marknaden.

Semester duration

Det akademiske året er delt inn i trimester, med forelesingsperiodar og eksamensavvikling i tidsromma oktober - desember, januar - mars og april - juni.

Slott
Photo:
© University of Durham

Information