Home
Student Pages
erasmus+

University of Caen Normandy and Department of Archaeology, History, Cultural Studies and Religion (ERASMUS+)

  • CountryFrance
  • TownCaen
  • Number of exchange places1
  • Exchange programmeErasmus+
  • Exchange duration1-2 semester

Main content

Om lærestaden

About the institution and the city

Université de Caen Basse-Normandie er ein del av paraplysamarbeidet Normandie Université. Det blei grunnlagt første gong i 1432, men måtte byggast opp att frå grunnen etter at universitetsbygningane blei totaløydelagde av bombeangrep i samband med landgangen ved Baie De Seine i 1944. Universitet har ein brei fagleg profil og rundt 25 000 studentar.

Caen ligg nordvest i Frankrike, i regionen Basse-Normandie. Byen har om lag 110 000 innbyggarar, og er blant anna kjend for å vere Vilhelm Erobraren sin fødeby. Caen ligg i Calvados, eit distrikt som økonomisk i stor grad baserer seg på jordbruk og fruktdyrking. Herfrå kjem blant anna det eksklusive eplebrennevinet Calvados.

Accommodation

Universitetet tilbyr internasjonale studentar bustad via samarbeid med studentsamskipnaden CROUS. Kapasiteten er knapp, så det er viktig å søke i god tid. Norske studentar i Frankrike kan søke om økonomisk stønad frå Caisse d'allocations familiales (CAF). Det er òg mogleg å bu hos ein fransk vertsfamilie i Caen.

Semester duration

September - januar og januar - juni.

Information