Home
Student Pages
erasmus+

Paris University Nanterre and Department of Information Science and Media Studies (ERASMUS+)

  • CountryFrance
  • TownNanterre
  • Number of exchange places1
  • Study levelBachelor
  • Exchange programmeErasmus+
  • Exchange duration1-2 semester

Main content

Om lærestaden

About the institution and the city

Université Paris Ouest Nanterre La Défense er eitt av i alt tretten universitet som blei etablerte ved splittinga av det gamle prestisjeuniversitetet Sorbonne etter studentopprøret på slutten av 60-talet, der studentane frå Nanterre spela ei sentral rolle. Universitetet blir oftast kalla Paris X eller UPX i kortform. Det har om lag 32 000 studentar, og eit breitt fagtilbod. Universitetsbygningane er samla på ein campus, 11 kilometer vest for Paris.

Paris er Frankrikes hovudstad og største by, med om lag 12 millionar innbyggarar i storbyregionen. Han ligg nord i landet, i hjartet av regionen Île-de-France. Paris er kjend for å vere ein av Europas fremste kulturbyar. Her finst statsadministrasjon, verdas mektigaste motehus og ikoniske byggverk som Eiffeltårnet, side om side med små romantiske kaféar og folkeliv.

Accommodation

Det kan vere vanskeleg å finne rimeleg prisa bustad i Paris. Dei fleste offentlege studentbustadane i Paris er administrerte av den regionale studentsamskipnaden CROUS, men kapasiteten er knapp. UPX har òg eit avgrensa tal eigne studentbustader i Nanterre. Norske studentar i Frankrike kan søke om økonomisk stønad frå Caisse d'allocations familiales (CAF).

Semester duration

Oktober - januar og februar - mai/juni.

Flott bygning
Photo:
© Université Paris Ouest Nanterre La Défense

Information