Home
Student Pages
bilateral

The University of Waikato and University of Bergen (BILATERAL)

  • CountryNew Zealand
  • TownHamilton
  • Study levelBachelor
  • Exchange programmeBilateral
  • Exchange duration1-2 semester

Main content

Om lærestaden

About the institution and the city

The University of Waikato blei etablert i 1964, og blir i dag rekna for å vere eit av dei mest moderne og innovative universiteta i New Zealand, anerkjent for sin fleksibilitet, internasjonale profil og faglege kvalitet. Universitetet har om lag 14 000 studentar, og av desse er om lag 3.000 internasjonale studentar. Hovudcampusen ligg i byen Hamilton, i den nordlige sentrale delen av North Island. I tillegg er det ein campus i Tauranga, om lag 100 kilometer aust for Hamilton. Waikatoregionen byr på rike moglegheiter for fritidsaktivitetar, friluftsliv og naturopplevingar.

Hamilton er ein pittoresk by med om lag 115.000 innbyggarar som kan by på ein avslappa atmosfære, mange parkar og idylliske elvebankar, blomstrande musikkscener, kunstgallerier og eit yrande kaféliv. Byen har eit temperert klima, med milde, våte vintrar og varme, tørre somrar.

Accommodation

Du kan søkje om studentbustad på campus, eller du kan få hjelp ved bustadkontoret til UoW til å finne privat innkvartering.

Semester duration

Haustsemesteret varer frå byrjinga av juli til slutten av november. Vårsemesteret varer frå slutten av februar til slutten av juni.

Flott bygning
Photo:
The University of Waikato

Information