Home
Student Pages
erasmus+

Third University of Rome and Department of Mathematics (ERASMUS+)

  • CountryItaly
  • TownRoma
  • Number of exchange places3
  • Study levelBachelor og Master
  • Exchange programmeErasmus+
  • Exchange duration1 semester

Main content

Om lærestaden

About the institution and the city

Universitetet blei oppretta i 1992 som det tredje av i dag fire statlege universitetet i Roma. Difor bêr det òg namnet Roma III. Universitetet har åtte fakultet, og om lag 36 000 studentar. Det er tradisjon at ein framståande offentleg person talar til studentane under opningsseremonien om hausten. Blant dei som har vore på vitjing er Shirin Ebadi, pave Johannes Paul II og fleire statsleiarar. Universitetet arrangerar òg ein årleg filmfestival i Palladium-teatret.

I antikken var Roma hovudstad i Romerriket, den då største og mektigaste staten i verda. I dag er byen stadig det administrative og kulturelle sentrum i Italia, og eit særs populært reisemål, både for turistar og pilegrimar. Midt i byen ligg Vatikanstaten, eit autonomt område styrt av paven for den romersk-katolske kyrkja. Byen har om lag 2,7 millonar innbyggarar og ligg på vestsida av Italia, omgitt av sju høgder.

Accommodation

Uversitetet har ingen eigne bustader for internasjonale studentar, men dei har ei støtteteneste som hjelper utvekslingsstudentar med å finne ledige leigemål på den private marknaden i Roma, enten mellombels losji dei første vekene, eller for lengre periodar.

Semester duration

September - januar og februar - juni.

Information