Home
Student Pages
bilateral

University of California, Berkeley and Department of Biological Sciences (BIO) (BILATERAL - Biologi)

  • CountryUSA
  • TownBerkeley
  • Study levelBachelornivå
  • Exchange programmeBilateral
  • Exchange duration1-2 semester

Main content

Om lærestaden

About the institution and the city

University of California, Berkeley (UBC) har om lag 33 000 studentar og er blant dei mest anerkjente universiteta i USA. Studentane som kjem til UCB får tilgang på ei rekke andre fasilitetar ved universitetet, mot betaling av avgifter. Blant desse er idrettsanlegg og bibliotek, som begge held høg standard.

Berkeley er ein liten by med om lag 100 000 innbyggarar, som ligg aust i San Francisco Bay. Byen er kjend som ein av dei mest liberale i USA, mykje på grunn av universitetet si dominanerande rolle i bymiljøet.

Accommodation

Det finst eit kontor ved universitetet som hjelper studentane med å finne bustad. I den grad det er ledig kapasitet kan studentar på sosiologiprogrammet få tilgang på studentbustader ved UC Berkeley eller på International House, men det kan vere billegare å bu utanom studentbustadane. Kontoret har lister over ledige bustadar på den private marknaden, og dei låner ut PC og telefonar for å gjere det enklare for deg å leite. Ein kan òg kontakte «Housing Coordinator» på e-post.Det finst i tillegg private bustadformidlarar som mot ei mindre avgift gir deg tilgang databasar over ledige leigemål. Å bu i og rundt Berkeley er relativt dyrt. Ein kan få eit inntrykk av det gjennomsnittlege prisnivået ved å sjekke «craigslist».

Nokre studentar vel å bu på YMCA mens ein leitar etter ein plass å bu. YMCA ligg eit kvartal unna hjelpekontoret og BART-stasjonen ved Berkeley. YMCA har alt fra einmanns- til seksmannsrom. Ein må reservere rom i god tid før ankomst, då det ofte er fullt ved semesterstart. Det er òg mogeleg å bu på YMCA på permanent basis. Du kan sende e-post til «The Y» for å reservere rom eller få meir informasjon.

Semester duration

August - desember og januar - mai.

Information