Home
Student Pages
erasmus+uk

University of Reading and Department of Geography (ERASMUS+UK)

  • CountryUnited Kingdom
  • TownReading
  • Number of exchange places4
  • Exchange programmeErasmus+uk
  • Exchange duration1-2 semester

Main content

Om lærestaden

About the institution and the city

University of Reading fekk universitetsstatus i 1926, og har i dag om lag 17 500 studentar. Universitetet er delt i fire, inkludert ein handelshøgskule. Det har eit fagtilbod med stor breidde, men fokuserer forskingsmessig på felt som klima, miljø, helse og mattryggleik. Universitetet har tre campusar i og utanfor byen Reading. Whiteknights er den største, og ligg i eit 1,3 kvadratkilometer stort parkområde.

Reading ligg i Berkshire sør i England, halvvegs mellom Oxford og London, der kor elvene Kennet og Themsen møtast. På 1800-talet produserte Reading dei tre b¿ane: Beer, bulbs and bisquits, det vil seie øl, knollar og kjeks. I dag har fleire store selskap sine hovudkvarter i byen. Reading har om lag 150 000 innbyggarar. Både Jane Austen, originalvokalisten i Uriah Heep, komikaren Ricky Gervais og skaparen av bjørnen Paddington er herfrå.

Accommodation

Universitetet har studentbustader ved campus som ein kan søke. Ein kan òg få hjelp til å finne bustad på den private marknaden frå universitetet sitt internasjonale kontor.

Semester duration

Det akademiske året er delt inn i trimester, med forelesingsperiodar og eksamensavvikling i tidsromma september - desember, januar - mars og april - juli.

Flott bygning
Photo:
© University of Reading

Information