Home
Student Pages
erasmus+

University of Heidelberg and Department of Biological Sciences (BIO) (ERASMUS+)

  • CountryGermany
  • TownHeidelberg
  • Number of exchange places1
  • Study levelBachelor, Master og PhD
  • Exchange programmeErasmus+
  • Exchange duration1-2 semester

Main content

Om lærestaden

About the institution and the city

Ruprecht-Karls-Universität Heidelberg er det eldste, og eit av dei mest prestisjefylte universiteta i Tyskland. Det har tolv fakultet og rundt 28 000 studentar. Utdanningstilbodet spenner breitt, men særskilt humaniora, naturvitskapane og medisinske fagområde er vektlagde. Universitetet ligg midt i gamlebyen, sentralt plassert i høve til kaféar, butikkar, bankar, og alt anna ein har bruk for i kvardagen.

Heidelberg er en idyllisk, liten universitetsby i Baden-Württemberg, sørvest i Tyskland, med om lag 150 000 innbyggarar. Her finst både eit stort slott og koselege gater med gamle mursteinshus tett i tett. Klimaet her er varmt samanlikna med andre delar av Tyskland. Byen har òg eit rikt kulturtilbod, og arrangerer blant anna jazzfestival, filmfestival og eit eige vampyrball (ein del av karnevalfeiringa) kvart år.

Accommodation

Universitetet samarbeider med den lokale studentsamskipnaden om å tilby bustad til internasjonale studentar så langt kapasiteten rekk. Kapasiteten er ofte knapp på den private marknaden rundt semesterstart, nye studentar blir oppmoda om å vere ute i god tid.

Semester duration

Oktober - februar og mars - august.

Flott bygning
Photo:
© Universität Heidelberg

Information