University of Heidelberg and Department of Geography (ERASMUS+)
- CountryGermany
- TownHeidelberg
- Number of exchange places1
- Study levelBachelor, Master og PhD
- Exchange programmeErasmus+
- Exchange duration1-2 semester
Main content
Om lærestaden
About the institution and the city
Ruprecht-Karls-Universität Heidelberg er det eldste, og eit av dei mest prestisjefylte universiteta i Tyskland. Det har tolv fakultet og rundt 28 000 studentar. Utdanningstilbodet spenner breitt, men særskilt humaniora, naturvitskapane og medisinske fagområde er vektlagde. Universitetet ligg midt i gamlebyen, sentralt plassert i høve til kaféar, butikkar, bankar, og alt anna ein har bruk for i kvardagen.
Heidelberg er en idyllisk, liten universitetsby i Baden-Württemberg, sørvest i Tyskland, med om lag 150 000 innbyggarar. Her finst både eit stort slott og koselege gater med gamle mursteinshus tett i tett. Klimaet her er varmt samanlikna med andre delar av Tyskland. Byen har òg eit rikt kulturtilbod, og arrangerer blant anna jazzfestival, filmfestival og eit eige vampyrball (ein del av karnevalfeiringa) kvart år.
Accommodation
Universitetet samarbeider med den lokale studentsamskipnaden om å tilby bustad til internasjonale studentar så langt kapasiteten rekk. Kapasiteten er ofte knapp på den private marknaden rundt semesterstart, nye studentar blir oppmoda om å vere ute i god tid.
Semester duration
Oktober - februar og mars - august.
Information
- Homepagehttp://www.uni-heidelberg.de/
- How do I applyInstructions on Søknadsweb
- Submit your application hereSøknadsweb
- Kode i Søknadsweb7019
- Subject nameGeography