Home
Student Pages
erasmus+

University of Copenhagen and Department of Information Science and Media Studies (ERASMUS+)

  • CountryDenmark
  • TownKøbenhavn
  • Number of exchange places2
  • Study levelBachelor
  • Exchange programmeErasmus+
  • Exchange duration1-2 semester

Main content

Om lærestaden

About the institution and the city

Då Københavns Universitet blei grunnlagt i 1479 hadde det svært stor grad av sjølvstyre, med eigne lover, domstolar og fengsel, men desse fullmaktene blei inndregne under reformasjonen. Universitetet spelar ei viktig rolle ikkje berre i dansk, men òg i norsk historie, ettersom det var hit nordmenn måtte reise for å studere fram til år 1811. I dag har universitetet i kongens by rundt 40 000 studentar, fordelte på åtte fakultet og fire campusar som alle ligg i, eller innan sykkelavstand frå sentrum.

København ligg på øyane Sjælland og Amager ved Øresund, ein halvtimes togtur frå Sverige og halvannan times flytur frå Bergen. I storbyområdet København bur det rundt 1,2 millionar menneske. Dei kan glede seg over å bu det som fleire gongar har blitt kåra som verdas beste by å bu i, og som elles er kjend for verdsleiande gastronomi, den liberale fristaden Christiania og ivrige syklistar.

Accommodation

Universitetet har ingen eigne studentbustader, men samarbeider med ein uavhengig velferdssamskipnad om bustadformidling for internasjonale studentar. Skandinaviske studentar vel vanlegvis å leige bustad privat.

Semester duration

September - januar og februar - juni.

Information