Home
Education
bilateral

Bilaterale avt ink joint degree between University of Bergen and University of Ottawa

  • CountryCanada
  • TownOttawa
  • Exchange programmeBilateral
  • Exchange duration1-2 semester

Om lærestaden

About the institution and the city

University of Ottawa ligg i sentrum av Ottawa med kort gåavstand til både Rideaukanalen og til Parlamentsbygninga. Universitetet er det einaste reint tospråklege universitetet i Canada. Det har meir enn 25 000 studentar, og mange av dei er internasjonale. På universitetet finst det eit rikt monn sportsaktivitetar som er opne for alle. Når du er registrert som student er du automatisk medlem av Sports Services og du kan nytte deg av dei generelle fasilitetane utan at dette kostar noko ekstra. Universitetet sitt nye sportskompleks er det største og mest moderne i det austlege Ontario. Det inkluderer to skøytehallar, eit moderne treningssenter, squashbaner, ein multisportsarena, eit dansestudio, eit sportsmedisinsenter og eit rehabiliteringssenter. I eit anna kompleks finn ein eit 50 m symjebasseng, dansestudio, vektsenter, racquetball- og squashbaner. Det finst ei lang rekke lag og organisasjonar ein kan vere med i, og aktivitetane inkluderer blant anna ulike typer ballsport, ski, vassport, roing, dansing, kampsport og klatring, for å nemne nokre.

Ottawa er hovudstad i Canada og landets fjerde største by med litt over ein million innbyggarar. Byen er kjend blant anna for tulipanar, parlamentsbygninga og skøyting på Rideaukanalen. Regionen er kjend for sine mange avanserte teknologiselskap og blir ofte kalla "det nordlege Silicon Valley". Dette, i tillegg til at nasjonale forskingsstasjonar, bibliotek og føderale styringsorgan held til her, har i følge universitetet vore med på å tiltrekke mange internasjonale studentar. Byen kan tilby ein god kombinasjon av både urbane og meir landlege aktivitetar. Ottawa ein trygg by, med lite kriminalitet.

Accommodation

Studentbustadane ligg i Sandy Hill, om lag fem minutt frå dei fleste undervisingsrom. I kvar etasje er det eit opphaldsrom med sofaer og stolar, bord og fjernsyn. På kjøkkenet finst kokeplater, mikrobølgjeomn og kjøleskap. Det er separate bad for menn og kvinner på kvar gang. I tillegg til desse studentbustadane har universitetet nokre nye bustader med ei litt anna løysing. Her deler to studentar ei leilegheit der dei har kvart sitt rom, men felles kjøkken og bad. Romma er møblerte med seng, klesskap med spegel, bokhylle, skrivepult, stol, leselampe og telefon med telefonsvarar- og døropnarinnstillingar. Det er og gratis tilgang til rask internettoppkobling på alle rom. Alle rom har tilgang til vaskemaskin. Dersom ein heller vil bu privat, kan dette bli ordna gjennom universitetet sitt Off-Campus Housing Office. I området rundt campusen er det ei rekke alternativ på den private marknaden, frå enkeltrom til leilegheiter i større og mindre kompleks, men ein bør vere tidleg ute for å vere sikker på å finne noko. Universitetet opplyser at bustadutgiftene for eit dobbeltrom på Campus ligg på rundt CAD $ 2,745 (om lag 14 500 kr) per semester, medan å leige privat vil ligge på om lag $ 3,725 (om lag 19 500kr).

Semester duration

Det akademiske året er delt i to semester. Haustsemesteret varer frå september til desember, og vårsemesteret varer frå januar til april.

Bygg i mørket
Photo:
© University of Ottawa

Information