Home
Education
bilateral

Bilaterale avt ink joint degree between University of Bergen and Dalhousie University

  • CountryCanada
  • TownHalifax
  • Exchange programmeBilateral
  • Exchange duration1-2 semester

Om lærestaden

About the institution and the city

Dalhousie University (DAL) ligg i Halifax, i provinsen Nova Scotia på Canadas austkyst mot Atlanterhavet. Universitetsområdet er vakkert og sentralt plassert i byen. Universitetet blei grunnlagt i 1818, og har i dag om lag 14 000 studentar. Rundt 900 av dei er internasjonale studentar.

Halifax har omlag 350 000 innbyggarar. Studentpopulasjonen er stor og set eit tydeleg preg på byen. Byen ligg ved Atlanterhavskysten, men det regnar mindre enn i Bergen. Vintrane er tørre og kalde men somrane er varme. Hausten i Halifax er fargerik og vakker.

Accommodation

Utvekslingsstudentar som skal studere ved Dalhousie University i vårsemesteret, eller i eit heilt akademisk år, kan søke om bustad på campus. Studentar som reiser på utveksling berre i haustsemesteret kan dessverre ikkje søke om bustad på campus.

Universitetet sin «Hospitality Coordinator» kan hjelpe deg med å finne bustad på den private marknaden i nærleiken av campus. Ta kontakt med hospitality@dal.ca.

Semester duration

Det akademiske året ved Dalhousie University er inndelt i to semester. Haustsemesteret varer frå september til desember, og vårsemesterer varer frå januar til april.

Flott bygning
Photo:
© Dalhousie University

Information