The Royal Danish Academy of Music and The Grieg Academy ¿ Department of Music (ERASMUS+)
- CountryDenmark
- TownKøbenhavn
- Number of exchange places1
- Study levelBachelor og Master
- Exchange programmeErasmus+
- Exchange duration1-2 semester
Main content
Om lærestaden
About the institution and the city
Det Kongelige Danske Musikkonservatorium blei grunnlagt i 1825, og er det eldste konservatoriet i Danmark. Det har om lag 400 studentar, og tilbyr musikkfaglege utdanningar av både utøvande og pedagogisk art, innan eit breitt spekter stilartar og instrumentgrupper. Konservatoriet ligg i Fredriksberg kommune, som i all praktisk forstand er ein del av København.
København ligg på øyane Sjælland og Amager ved Øresund, ein halvtimes togtur frå Sverige og halvannan times flytur frå Bergen. I storbyområdet København bur det rundt 1,2 millionar menneske. Dei kan glede seg over å bu det som fleire gongar har blitt kåra som verdas beste by å bu i, og som elles er kjend for verdsleiande gastronomi, den liberale fristaden Christiania og ivrige syklistar.
Accommodation
Konservatoriet har ingen eigne studentbustader, og internasjonale studentar må sjølve ordne med bustad for opphaldet. Det finst fleire studentbustader, kalla kollegier, i København, men dei fleste har venteliste. Det er stort press på den private bustadmarkanden rundt semesterstart, så det løner seg å vere tidleg ute.
Semester duration
September - januar og februar - juni.
Information
- Homepagehttps://www.dkdm.dk/
- How do I applyInstructions on Søknadsweb
- Submit your application hereSøknadsweb
- Kode i Søknadsweb7712
- Subject nameMusic