Home
Education
erasmus+

Erasmus+ between Department of Clinical Dentistry and University Paris Descartes (Paris V)

  • CountryFrance
  • TownParis
  • Number of exchange places1
  • Study levelBachelor
  • Exchange programmeErasmus+
  • Exchange duration1 semester

Om lærestaden

About the institution and the city

Université Paris Descartes er eit offentleg universitet med om lag 39 000 studentar. Det er ein av i alt tretten arvtakarar til det gamle prestisjeuniversitetet Sorbonne som blei delt i 1970. Forutan hovudfelta medisin og odontologi, har universitetet òg fagtilbod innan humaniora, juss, psykologi, samfunnsvitskap, naturvitskap, teknologi og idrettsfag. Det har i alt ti campusar i Paris.

Paris er Frankrikes hovudstad og største by, med om lag 12 millionar innbyggarar i storbyregionen. Han ligg nord i landet, i hjartet av regionen Île-de-France. Paris er kjend som ein av Europas fremste kulturbyar. Her finst statsadministrasjon, verdas mektigaste motehus og ikoniske byggverk som Eiffeltårnet, side om side med små romantiske kaféar og folkeliv.

Accommodation

Det kan vere vanskeleg å finne rimeleg prisa bustad i Paris. Universitetet sitt internasjonale kontor kan gi hjelp og informasjon, men understrekar at det er viktig å begynne leitinga i god tid. Dei fleste offentlege studentbustadane i Paris er administrerte av studentsamskipnaden CROUS.Norske studentar i Frankrike kan søke om økonomisk stønad frå Caisse d'allocations familiales (CAF).

Semester duration

September - desember og januar - juni.

Information