University of Eastern Finland and University of Bergen (ERASMUS+ - NORDLYS-nettverket)
- CountryFinland
- TownJoensuu
- Exchange programmeErasmus+
- Exchange duration1-2 semester
Main content
Om lærestaden
About the institution and the city
University of Eastern Finland blei til gjennom ei samanslåing av to tidlegre uavhengige universitet i 2010, og er no eit breiddeuniversitet med 15 000 studentar og fire fakultet. Blant fokusområda er skogforsking, miljø, helse og utvikling av ny teknologi. Universitetet er fordelt over to hovudcampusar i byane Joensuu og Kuopio aust i Finland, samt ein mindre campus i Savonlinna.
I Joensuu ligg European Forest Institute og fleire eksportbedrifter. Byen er regionhovudstad, og var på slutten av 1800-talet ein av dei største hamnebyane i Finland. Kuopio er den åttande største byen i Finland, og er rekna som Aust-Finlands kulturelle sentrum. Han er omgitt av ein innsjø, og delar av byen er bygd på øyer. Byen har eit unikt gatenettverk, kor annakvar gate er ein fotgjengar- og sykkelveg.
Accommodation
Universitetet har ikkje eigne bustader, men samarbeider med uavhengige organisasjonar som driv med formidling av studentbustader både i Joensuu, Kuopio og Savonlinna. Søknad om bustad kan sendast så snart ein har fått opptak ved universitetet. Det er òg mogleg å finne rimeleg prisa bustad privat i desse byane.
Semester duration
September - desember og januar - mai.
Information
- Homepagehttp://www.uef.fi/
- How do I applyInstructions on Søknadsweb
- Submit your application hereSøknadsweb
- Kode i Søknadsweb5284
- Subject nameAlle fag