Home
Student Pages
erasmus+

Tampere University and Department of Comparative Politics (ERASMUS+ - Nordplusnettverk i Statsvitenskap)

  • CountryFinland
  • TownTampere University
  • Study levelBachelor og Master
  • Exchange programmeErasmus+
  • Exchange duration1-2 semester

Main content

Om lærestaden

About the institution and the city

Tammerfors universitet vart etablert i 2019, då det eldre Tammerfors universitet (frå 1960) og Tammerfors tekniska universitet (frå 1965) vart slått saman. Det har i dag om lag 20 000 studentar, og er dermed det nest største universitetet i Finland.

Tampere (svensk: Tammerfors) har tre høgskular/universitet, noko som gjer dette til ein studentby med mange kafear og utestader og mange kulturtilbod. Det er også gode mogelegheiter for naturopplevingar i nærområdet. Tampere blei grunnlagt i 1779 og ligg sør i Finland om lag 2 timar frå Helsinki. Det er den nest største byen i Finland med om lag 300 000 innbyggarar. Det er historisk sett Finlands største industriby, og har blitt kalla Finlands Manchester. Men ved opprettinga av universita i 1960-åra er byen i dag sentrum for høgteknologisk industri.

Information